Ocean swims good

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

New Orleans
Frank Ocean er namnet på den nye stjerna i hiphop. Men då han vart fødd, 28. oktober 1987 i Long Beach, California, fekk han namnet Christopher Breaux. Familien flytta snart til New Orleans i Louisiana; det var her Christopher vaks opp. Allereie som tenåring jobba han målbevisst – han vaska bilar og gjekk tur med hundar for å spare opp pengar til å leige seg tid i studio.

I 2005 søkte han seg inn på University of New Orleans, men då orkanen Katrina trefte byen i august, vart både studentleilegheita hans og studioet han jobba i, overfløymt. Orkanen var blant dei verste i USA si nyare historie, med over 1800 drepne. Christopher evakuerte til Los Angeles, der han planla å vere i eit par månader. Men han fann seg raskt til rette i byen og musikkmiljøet der, og bestemte seg for å bli verande.

LES OGSÅ: – Folk må utsetjast for ny musikk

Andre sine songar og eit gratis album
Etter å ha spelt inn nokre demoar i studioet til ein kompis fekk Christopher kontrakt med eit plateselskap – som låtskrivar. Han skreiv songar for blant andre Justin Bieber og John Legend. Det var lønsamt arbeid, men Christopher ville vidare. Og i 2009 begynte ting å balle på seg: Han vart kjend med folka i hip-hop-kollektivet OFWGKTA (Odd Future Wolf Gang Kill Them All), og dessutan med den kjende rapparen og produsenten Tricky. Det var Tricky som skaffa han kontrakt med selskapet Def Jam Records.

I 2010 endra Christopher namn – til Christopher Francis Ocean, med artistnamnet Frank Ocean. Men samarbeidet med Def Jam gjekk ikkje særleg bra. Derfor vart Frank Ocean si første plate ikkje gitt ut på vanleg måte – Nostalgia, ultra vart lagd ut til gratis nedlasting på tumblr-sida hans i februar 2011. Han gjorde mesteparten av jobben sjølv, med litt produsenthjelp frå blant andre Tricky. Det var ein vanskeleg prosess; han kjende seg mest som ein vanleg singer/songwriter, og hadde aldri laga beats før.

På denne tida hadde han også sine første live-show saman med OFWGKTA, på Coachella-festivalen og USA-turnéen deira.

LES OGSÅ: Piratnedlasting gjev dyrare billettar

Den nye stjerna
Frank Ocean vart eit namn alle kjende på få månader. I mai var samarbeidet med Def Jam oppe og gjekk igjen – dei gav ut singlane Novacane og Swim Good på nytt, og annonserte samarbeid om eit nytt album. I tillegg fekk Frank telefon frå Jay-Z og Kanye West, som ville ha han med på samarbeidsalbumet sitt, Watch The Throne.

Kritikarane var også over seg. Dei roste Ocean for originale melodilinjer og gode tekster. Sjølv seier han at han er veldig oppteken av det biletlege. Når han skriv songar, startar han alltid med historiene. Seinare byggjer han opp musikken rundt dei; han vil at musikken skal samsvare med bileta i tekstene.

På forsommaren 2012 var Frank Oceans første offisielle album, Channel Orange, klart for utgjeving. I forkant av dette posta han ei tekst på tumblr-sida si, der han – som første hiphopar – stod fram som bifil. Hiphop-miljøet, som er kjent for å vere nokså homofobt, svarte med fleire støtteutsegner. Albumet kom veka etter: kritikarrost, og det mest nedlasta på itunes i løpet av få timar.

Først publisert i Norsk Barneblad: