Både Natur og Ungdom, Bellona og fagforbundet SAFE er uroa over tryggleiken på norsk sokkel.

NPK-NTB-Ida Kroksæter
NPK-NTB-Ida Kroksæter

Onsdag vart 326 personar evakuert frå bustadplattforma Floatel Superior på Njord-feltet fordi ho begynte å krengja. Eitt av flyteelementa til plattforma begynte natt til onsdag å ta inn vatn etter ein kollisjon med eit fritthengjande anker.

Dette skjer under to månader etter at Scaraebo 8 i Barentshavet fekk slagside.

– Det er ein urovekkjande trend at det stadig oppstår uønskte hendingar på norske oljeplattformer. Rekkja av hendingar vitnar om at tryggleiken på norsk sokkel ikkje er god nok, seier Ina Bjørnrå, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, som også viser til evakueringa av Gullfaks C i 2010.

LES OGSÅ: Oljeselskapa manglar tusenvis av folk

Vil følgje granskinga
Også arbeidstakarorganisasjonen SAFE, som er ein samanslutning av fagorganiserte i energisektoren, reagerer.

– Det er både overraskande og skremmande at vi for andre gong på kort tid opplever at plattformer misser stabiliteten. Ein skulle jo tru at denne hendinga gjorde at andre operatørar av flytande innretningar dobbelsjekka systema og rutinane sine, som ei ekstra kvalitetssikring for å unngå liknande hendingar, seier Roy Erling Furre, HMS-ansvarleg i SAFE.

– Fleire hendingar skaper frykt, og folk opplever auka utryggleik på jobb. Vi vil følgje den varsla granskinga svært nøye, seier Furre.

Bellona uroa
Bellona kravde tidleg onsdag at Petroleumstilsynet granskar det som har skjedd.

– Det at eit anker kan slå inn i ballasttanken på det som blir omtalt som den mest moderne bustadplattforma i verda er svært alvorleg og veldig uventa. Vi krev no at Petroleumstilsynet granskar kva som er årsaka til at dette kunne skje, seier rådgjevar Karl Kristensen i Bellona.

Bellona-leiar Frederic Hauge meiner hendinga svekkjer tilliten til norsk petroleumsverksemd og tilsynsrutinar.

– Vi har lenge jobba aktivt for at Petroleumstilsynet skal skjerpe kontrollverksemda på norsk sokkel. Bellona fryktar at det har innarbeidd seg ein dispensasjonskultur frå norske styresmakter, seier rådgjevar Kristensen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40
ANNONSE