Her er Ragnar Hovland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går starta årets utgåve av den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu på Stord. Festivalforfattar i år er Ragnar Hovland.

I festivalen sin presentasjon av festivalforfattaren, vert Hovland hylla for sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte, som gjorde Hovland til ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet. Dei dreg også fram at han seinare har inspirert ein heil generasjon unge forfattarar.

– Kva tenkjer du sjølv om denne rolla du har fått?

– Eg kan i alle fall seia at det ikkje var min tanke. Det var ikkje meininga å ha ei slik rolle, seier ein nølande Hovland, relativt tydeleg utilpass med tematikken.

– Men eg kan jo sjå at det finst yngre forfattarar som har snappa opp nokre triks frå meg, og som til dels har innrømt dette sjølv, og trekk fram mitt namn i ulike samanhengar. Det er flaut sjølvsagt, men eg vert jo litt stolt òg, seier Hovland.

– Kjenner du deg sjølv igjen i tekstane deira?

– Ja, nokre triks og skrivemåtar kan eg kjenna igjen.

Eit av dei klaraste døma på dette var då Halvor Folgerø og Finn Tokvam, som i ettertid har vorte revykameratar med Hovland, gav ut romanen Tyl.

– Eg var konsulent for den boka, og måtte peika på enkelte setningar som var litt vel hovlandske, seier Hovland.

– Det var rett og slett i overkant mykje deg?

– Ja. Men eg trur at i den endelege versjonen fekk me reinska ut dei tydelegaste Hovland-trekka.

I samband med forfattaren sin sekstiårsdag har Finn Tokvam og Halvor Folgerø skrive bok om Ragnar Hovland, der dei går gjennom det aller meste han har skrive, anten det har vore utgjeve tidlegare eller ikkje.

LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren

Og det er ikkje noka lita oppgåve å forsøka å setja ein forfattar med fleire titals utgjevingar i bås. I alle fall ikkje når bøkene spenner frå barne- til vaksenbøker og oversetjingar, og han i tillegg har illustrert fleire av bøkene sjølv, og dessutan er utøvande musikar.

Likevel mukkar me ikkje i lokalpressa med å definera Hovland som ein sunnhordlandsforfattar.

– Kva tenkjer du sjølv om å verta definert slik?

– Eg let meg gjerne innlemma i ei gruppering som sunnhordlandsforfattarane. Folk som vil ha meg, må gjerne det. Men det var litt tilfeldig at eg hamna i Sunnhordland. Ho som eg var gift med den gongen fekk ein jobb her, og så viste det seg at det var ein halv ledig jobb til, så eg òg fekk jobb. Men eg budde jo elleve år i Kvinnherad, så det er ein ganske stor del av livet. Eg kjende meg vel med å bli sett på som sunnhordlandsforfattar, og vart veldig innlemma då eg budde her.

– Men du kjenner ikkje på noko sterk tilknyting til kommunen og området lenger?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men samstundes skreiv eg jo ein god del av bøkene mine då eg budde her. Så det har jo hatt ei betydning. Alle plassar eg har budd har hatt betydning for bøkene eg har skrive. Så ikkje minst Kvinnherad.

– Kvar seier du at du kjem frå om nokon spør?

– Då må eg spørja om dei vil ha den korte eller den lange versjonen. Den korte versjonen er at eg vart fødd i Bergen og budde der til eg var fire. Skal eg ta den lange versjonen må eg ta med at eg flytta til Strandvik i Fusa kommune, og så har eg budd i Luster i Sogn, og Stavanger etter det, før det var Bergen igjen.

LES OGSÅ: Du kan aldri sleppe unna familien

– Trur du det kan vera noko av grunnen til at folk over heile Vestlandet kan kjenna seg heime i dei miljøa og landskapa du skildrar i bøkene dine?

– Ja, det trur eg. No er eg ikkje så sikker sjølv på kor mykje som er vestlandsk og kor mykje som er meir ålment i bøkene. Men eg ser, og noterer tilfreds, at det er mykje folk over heile Vestlandet som påstår at dei kjenner seg heime i bøkene. Det kan jo ha samanheng med at eg har den allsidige vestlandsbakgrunnen.

– Når me først er inne på ditt forhold til området her: Eg har høyrt det verta sagt at kråkene som sit på ei madrass i «Kveldssong for deg og meg» skal førestelle lærarar frå den tida du jobba ved Kvinnherad vidaregåande, og at kråka som ikkje får plass er ein heilt spesifikk lærar. Er det noko hald i dette?

– Det er første gongen eg høyrer, så det er litt vanskeleg for meg å då stadfesta. Nei, det har ikkje vore i mine tankar. Men eg er for alle konspirasjonsteoriar og andre gode teoriar, så kven veit? Men det var vel ikkje noko som var planlagt frå mi side, nei.

Om me framleis held oss til det lokale, var det i fleire år ein restaurant ved namn Dr. Munk på Husnes.

– For nokre år sidan skreiv du i Dag og Tid at du var freista til å riva ned skiltet til restauranten som utan å spørja deg hadde lånt Dr. Munk-namnet, og etter di meining heller ikkje var noko god restaurant. Seinare, då de turnerte med Vestlandsrevyen, gjorde Finn Tokvam eit heller stort poeng av at personalet ikkje eingong visste kven du var. Synest du i grunn det er like greitt at dei no har skifta namn?

– Ja, eg synest det. Det var på tide.

– Du sørgjer ikkje over dette, altså?

– Nei, eg gjer ikkje det. Når det vart som det vart, og dei som dreiv i dei seinare åra ikkje ante kor namnet kom frå, er det like greitt at dei skifta namn. Ikkje fekk eg gratis øl heller, seier Hovland.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland til Falturiltu

Nok om det. Dette er trass alt eit intervju med årets festivalforfattar, og me må snakka litt om skriving og bøker og slikt.

– Den siste tida har det stadig vorte lenger mellom kvar Hovland-utgjeving, etter nokre hektiske tiår med svært hyppige slepp frå di side. Korleis ser du føre deg dette framover?

– Eg ser føre meg at det skal koma nokre bøker til. Somme kritikarar meinte å kunne lesa ut av teksten i den siste romanen at det var ei slags avskjed – at forfattaren tok farvel. Men det var ikkje nokon tanke som eg hadde. Så det skal ikkje vera noko punktum. Eg må tru at eg ikkje har skrive mi beste bok enno. For å ha ein driv til å fortsetja må eg tru på det.

– Er det noko du seier, eller noko du faktisk trur på?

– Det er noko eg trur på. I alle fall av og til. Eg må tru på det.

– Får me eit gjensyn med Dr. Munk?

– Ja, etter planen er det eitt av prosjekta eg må prøva å få realisert.

Denne artikkelen stod først på trykk i Sunnhordland då det vart kjend at Hovland skulle vera årets festivalforfattar, i ei litt anna form.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!