Kven vinn Ungdommens kritikarpris?

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven vinn Ungdommens kritikarpris?

Fram til mars skal ni vidaregåande klassar frå heile landet lese åtte nominerte bøker. Vinnaren vert kåra på Litteraturhuset i Oslo.

– Grundig
Prisen har blitt ein viktig pris i det litterære landskapet, fordi den er den einaste som målber ungdomen sine meiningar om den såkalla «vaksenlitteraturen».

Utvelgingsprosessen er også blant dei mest grundige: 200 elevar skal diskutere og vege kvar av dei åtte bøkene opp mot kvarandre.

I år kjem klassene frå Nordkapp, Nøtterøy, Bergen, Bryne, Mosjøen, Drammen, Hvam og Hamar.

Nøgd med dagens ordning
Heidi Sævareid, redaktør i Cappelen Damm, meiner ordninga, der ein jury frå Kritikerlaget nominerer dei beste bøkene, er med å kvalitetssikre kva slags bøker som blir lese:

– Meininga er at ungdommar skal bedømme den vaksne litteraturen, den som Kritikerlaget bedømmer som best. Bøkene skal vere best, ikkje "best for ungdom", forklarar ho til Framtida

På spørsmålet om ikkje ungdommen sjølv burde kunne nominere dei beste «vaksenbøkene», til dømes ved hjelp av Facebook, svarar Sævareid:

– Eg synest dagens ordning er med på å kvalitetssikre. Ei ordning med facebookstemming ville dessutan vere lite samlande, det hadde vore eit stort sprik i kva som vart nominert, og det hadde vel gjerne blitt mykje Jo Nesbø-aktig, meiner den tidlegare barne- og ungdomsbokkritikaren.

Sævareid er ikkje redd for at elevane på vidaregåande vil kunne etterlyse sine eigne personlege favorittar på nominasjonslista:

– Eg trur ein undervurderer ungdom om ein ikkje trur dei vil ha noko å bryne seg på. Det er ikkje noko problem for ungdom å lese "tunge" bøker viss dei berre blir eksponert for det og føler at meiningane deira vert ønska velkomne, avsluttar ho.

– Ein pris der ungdom vert høyrt og sett
Wanda Voldner i Foreningen !les meiner den litterære ordskiftet er avhengig av ungdommelege røyster:

– Ungdommen kritikarpris er ein litteraturpris til årets beste bok, men det er også ein pris der ungdom vert høyrt og sett. Det er ein pris der ungdommar får får ta del i den litterære debatten. Det er viktig, både for offentlegheita og for litteraturen i Noreg, seier Voldner i ei pressemelding.

 

Desse bøkene er nominerte til Ungdommens kritikarpris for 2012:

Lars Ove Seljestad – Isberg

Lars Amund Vaage – Syngja

Eivind Hofstad Evjemo – Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet

Wenche-Britt Hagabakken – Hula Lou

Vigdis Hjort – Leve Posthornet!

Mona Høvring – Venterommet i Atlanteren

Trude Marstein – Hjem til meg

Per Petterson – Jeg nekter

 

Kven trur du vinn prisen i mars?