Ikkje just bara ein trubadur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hans siste intervju

– Livet. Eg er veldig nøgd med livet. Likevel er eg nok som dei fleste andre forfattarar, av og til går skrivinga greitt, men av og til får ein ei skikkeleg skrivesperre. Nokon gonger er ingenting godt nok. Eg er nok veldig sjølvkritisk, den største kritikaren er som regel ein sjølv.

Med hedersspellemannspris, og seks «vanlege» spellemannsprisar på lasset, må det vere lov å lure på kvar Odd Børretzen tek det ifrå.

– Jag er just bara en trubadur, syng han før han avbryt seg sjølv.

– Eigentleg skal det vere ein fattig trubadur, men rett før eg skulle opptre med denne songen vart skattelistene for Tønsberg lagt ut. Det viste seg å vere eit heller godt inntektsår, så då måtte «fattig» vekk frå teksta. Rett skal vere rett.

Han sparar ikkje seg sjølv der han sit på scena. Små historier frå eige liv er vevde saman med underfundige tekstar, som gjerne speglar livet han har erfart. Som han sjølv seier, «eg» er nok hans mest brukte ord. Skamlaust kallar han det.

Stemmelaus og måkefri 
– Eg har nesten ikkje stemme att i dag dessverre, så eg burde ikkje vere her. Eg synest eg må likevel, når folk har kjøpt billettar, og tatt turen. Då er det mi plikt å stille opp.

Børretzen lenar seg godt på staven på veg mot sofaen. Backstage på Dokkhuset ligg på loftet, eit stort rom med skrått tak. Kvite veggar lyser opp medan regnet trommar mot vindauga. Det er ein våt fredagskveld i Trondheim. Ute er det ingen teikn til måkeskrik.

– Det er fantastisk kor mykje ting har endra seg sidan eg var ung. I dag kan eg stå på scena sjølv utan stemme. Gode lydteknikarar fiksar alt, seier han medan han finn seg til rette i den svarte sofaen.

Med over åttifem år bak seg veit han kva han snakkar om. Både sjømann og telegrafist er å finne på cv-en, men det er som ein allsidig ordpoet og artist me kjenner han.

– Eg rekna nett på det, og kom fram til at eg har vore yrkesaktiv i sytti år. Eg byrja å skrive når eg var femten, og sidan har det gått slag i slag.

Første kyss
På scena ser han liten ut, der han sit mellom gitarist Thomas Dahl jr. og bassist Ole Marius Sandberg, men den vevre stemma får sjølv fulle trøndarar til teie stilt når han byrjar å prate. Om livet på både godt og vondt.

– Seinsommaren 1942 bomba tyskarane Stalingrad. Kanskje burde eg ha gått rundt og tenkt på det forferdelege som skjedde heile tida. I staden gjekk eg på Ullevål kino med Turid. Filmen var fransk og romantisk. På slutten tok hovudpersonane sjølvmord, Dei kunne ikkje leva utan kvarandre. Etter filmen kyssa eg Turid for første gong, og sjølvmord høyrdes ikkje så gale ut.

Salen ler. Det er humor blanda med ramme alvor. Visdom og erfaring blir formidla med ei lettare skjelven røyst. Ikkje openbert, men lagvis.

– Eg vaks opp i dei harde trettiåra. Ikkje at me visste at dei var så harde. Det var jo det livet me var vande med. Så kom krigen med all sin styggedom. Eit umenneskjeleg system. Me var eit fattig land, for så å verte styrtrike når olja kom. Ellevte september 2001 lærte me terror og galskap på ein ny måte. Det er enorme endringar på under hundre år.

Trebit på tur 
Forfattar, illustratør, radiokåsør, og ikkje minst artist. Børretzen er kjend for mangt. Lågmælt fortel han om byrjinga.

– Det eg eigentleg ville bli, var biletkunstnar. Eg teikna avisteikningar for å tene pengar, og jobba frilans. Det viste seg fort at om eg la til litt tekst til teikningane vart det mykje lettare å selje dei. Dess meir tekst, dess lettare vart det. Ein skulle gjerne ha ein humoristisk vri på det heile. Sidan har eg latt elva føre meg som ein liten trebit. Eg vart plukka opp av NRK radio, og så har ballen berre fortsett å rulle.

– Men du gav deg ikkje heilt som biletkunstnar?

– Eg held framleis på. Eg illustrerer til eigne skriveri, og målar litt akvarellar. Eg har eit slags studio heime, men eg er tydelegvis betre med ord enn som biletkunstnar, seier han og humrar.

– Har du nokon gong tenkt på å pensjonere deg?

– Eg har hatt i alle fall tre avskjedsførestillingar rundt om i landet. Likevel får eg framleis spørsmål, fleire enn eg hadde forventa, om å gjere førestillingar. Som gammal frilansar finn eg det tungt å seie nei.

Dårleg hugs
Sjølv etter eit heilt liv med erfaring blir Børretzen nervøs før han skal opptre. Blikket hans flakkar mot klokka no og då.

– Det viktigaste er at det er godt leselys på scena. Eg hugsar slett ikkje godt lenger, så eg må ha manuset til tekstane mine framfor meg. Førestillinga er ei hyllest til hukommelsen. Det er gamalt stoff i ny innbinding. Det er jo opplese og vedtatt at gamle menneskjer hugsar dårleg. Eigentleg er eg ikkje einig.

Paradoksalt i utgangspunktet. Grunngjevinga er gjennomtenkt.

– Hugsen er som ei datamaskin, men i staden for å sortere harddisken slik at alt vert lett tilgjengeleg, gjer hugsen det på sin måte, etter inntrykk. Etter 85 julekveldar hugsar ein ikkje alle på løpande band, sjølve julekvelden mistar inntrykkskrafta og hamnar lengre ned på lista. Ergo endar ein opp med «hugsar ikkje». Det betyr ikkje at huugsen ikkje «hukommar» lenger. Sjølv gløymer eg nokre gonger korleis eg skal bruke hugsen.

Einsam majestet 
Cigarillos, vin og eit vilt liv er unnskuldinga publikum får for stemma når han entrar scena. Personleg synest ikkje han det utgjer nokon forskjell.

– Det er synd med stemma, men eg har jo eigentleg aldri hatt stemme. Eg kan ikkje synge, det vert berre ei og anna linje her og der. Vanlegvis så snakkar eg til musikken, du veit, det er jo ei form i seg sjølv, det òg. Eg likar å tru at eg starta ein ny sjanger der, det å snakke til musikken. Eg sit åleine på den trona.

Stemma som får Noregs innbyggjarar til å tenkje «bestefar» har blitt varemerket hans. Varm, men likevel skjør. Full av visdom, men ikkje formanande. Gjennom mellom anna NRK-seriar og fleire animasjonsfilmar får han det meste til å kjennast kjært og heime.

– Det raraste eg har vore med på var når ein russar kontakta meg for å lese ei stemme i animasjonsfilmen hans, då skjønte eg ingenting. Eg veit ikkje korleis han hadde høyrt om meg ein gong. Huset på kampen heitte den, bryt han ut etter litt tenking.

Uttrykket «heile Noregs bestefar» er likevel ikkje noko han nyttar om seg sjølv.

– Eg får høyre det heile tida. Eg er bestefar, men ikkje for heile Noreg. Heldigvis.

«Noen ganger er det all right»
Theatercaféen og eihalv flaske Valpolicella rødvin under trappa. Av og til ei halv flaske til, medan han følgjer med på menneskja kring han. Ropar på kelneren, som i dag er ein truga dyreart skal ein tru Børretzen. Berre dei ikkje byrjar å spele låtane hans.

– Då ber eg om at songen vert endra. Er eg saman med nokon gjer dei det. Heldigvis skjer det ikkje ofte. Eg er ikkje den typen artist som får songane spelt av på slike plassar.

– All right?

– Det er nok unntaket. Eg vart heilt forbløffa over korleis publikum mottok den songen, og populariteten den fekk. Det er jo ingen som kan verset til den, eg samanliknar eigentleg berre ulike situasjonar. Men refrenget kan alle.

Songen som gav Børretzen kjendisstatus landet rundt i ein alder av nesten sytti år. Frå å vere populær i nokre kretsar, vart han no allemannseige. Heile Noregs favoritt.

– Studentpublikummet er nok det som faktisk har vore mitt opp i gjennom tida, eg har spelt mange gongar på Studentersamfundet. Eg blir ikkje spurt no lenger naturlegvis. Alderen har tatt meg att.

Eventyrleg forteljar
På naturleg vis får han plass til eit lite eventyr midt i det heile. Publikum lyttar. Oppsettet kjem frå Snøkvit og dei sju dvergane. Inspirasjonen frå dagens asylpolitikk.

– Dvergane står der framleis den dag i dag og diskuterer. Skal dei hjelpe Snøkvit? Det kan jo komme fleire som ho. Menneskjer i nød som ynskjer hjelp.

Børretzen tør. På sitt lågmælte vis bergtek han publikum i ein og ein halv time med tema som liv og død. Kjærleik og hat. Redsel, og feigskap. Han hevar ikkje peikefingeren ein einaste gong. Kanskje er det difor så mange trykkjer han til hjartet. 

LES SAKA I UNDER DUSKEN!

Faktaboks

ODD BØRRETZEN:

• Født 21. november 1926 på Fister i Rogaland.
• Oppvaksen på Grorud i Oslo.
• Kjend som forfattar, illustratør og vokalist.
• Har vunne seks spellemannsprisar og ein spellemannsheiderspris.
• Opptrådde med førestillingar i ein alder av 85 år.
• Gjekk bort 3. november 2012.