mm

Aina Basso er nominert i Open klasse for ungdomsromanen Inn i elden. Boka har handling frå hekseprosessane i Finnmark. I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I boka møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie. Basso, som er historikar, har bygd boka på verkelege hendingar.

På tysdag deltek Aina Basso med opplesing frå boka på heksedagen på Sunnhordland Museum, i høve den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu.

LES OGSÅ: Dei gjev aldri opp

I same klasse er Linn T. Sunne med Lille ekorn, Arne Svingen med Sangen om en brukket nese og Harald Rosenløw Eeg med Hunger nominert.

Vaage og Fløgstad
Nordaustpassasjen av Kjartan Fløgstad er nominert til prisen for skjønnlitteratur. I same klasse er Kjartan Hatløy med Kjøkkendikt, Cecilie Løveid med Flytterester og Lars Amund Vaage med Syngja nominert. Sistnemnde bok blir allereie no trykt i nytt opplag, vel ein månad etter at ho blei lansert.

Syngja er ein djupt personleg roman om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje lèt seg forstå.

LES OGSÅ: Fløgstad: – Vi treng ei sterk arbeidarklasse

Av bøkene i den skjønnlitterære klassen er det berre Flytterester av Cecilie Løveid som står på bokmål, resten er skrive på nynorsk.

Jakob og Neikob nominert
I klassen for barne- og ungdomsbøker er Kari Stai med Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake nominert saman med Gaute Heivoll og Lisa Aisato med Svalene under isen, Øyvind Torseter med Hullet og Geir Gulliksen og Anna Fiske med Iben og forvandlingen.

I klassen for sakprosa er desse nominert: Tor Eystein Øverås med I dette landskap, Jon Gangdal og Bjørg Gjestvang med Trond Bolle – Alles helt, min mann, Torbjørn Færøvik med Maos rike – En lidelseshistorie og Aage Storm Borchgrevink med En norsk tragedie.

Onsdag 28. november blir vinnarane av Brageprisen kåra. Prisen blir delt ut første gong i 1992, og er kalla den norske bokprisen.

Les Mette Karlsvik si melding av Inn i Elden!

Kommentarar

ANNONSE