Faktaboks
– Kroppslengda til ein vaksen vaskebjørn er på kring 55 cm og lengda til halen er kring 30 cm.
– Eit kjenneteikn på vaskebjørn er at hjørnetennene er mindre spisse og mindre utvikla enn hos andre, nærståande rovdyr.
– Dei oppheld seg mest i skogområde. Dei klatrar i tre. Han oppheld seg òg i nærleiken av vatn der han fangar fisk. I områda lengst mot nord søv vaskebjørnar vintersøvn.
– Vaskebjørnar blir i blant sett på som skadedyr. Nokre stader har dei vore berykta for tjuveri av hønseegg. Vaskebjørnar har òg vore haldne i fangenskap, og kan bli svært tamme.
– Skinnet deira er ettertrakta, og kan nyttiggjerast på fleire måtar.
Vaskebjørnane plagar framleis den tyske landsbygda, 78 år sidan to eksemplar blei slept ut av Hermann Göring. Göring sette ut vaskebjørnane i dei tyske skogane for at jegerane skulle ha noko å skyte på.
Daniel Hoffmann, leiar i det tyske jaktforbundet seier no til det tyske nyhendebyrået DAPD at det berre er til å ta konstantera at bjørnane har etablert seg i Tyskland. Dei hissige dyra tek seg inn på gardar og i hus på jakt etter mat.
LES OGSÅ: Mårhunden kan spreie seg i Noreg
– Alt vi kan gjere er å halde talet på dyr nede, seier Magnus Wessel i det tyske naturvernforbundet til DAPD.
– I framtida må ein forventa fleire vaskebjørnar i byen, held Wessel fram.
I dag utgjer dyra cirka 500.000 dyr, ifølgje tyske styresmakter. Vaskebjørnar stammar eigentleg frå Nord-Amerika.
LES OGSÅ: Sensasjonelt edderkoppfunn i Noreg
Glade i søtsaker
Spesielt i Aust-Tyskland og i Hessen veks talet på dyr. I Brandenburg blei det i jaktåret 2011/2012 drept i underkant av 15.000 dyr.I heile Tyskland blei det drept 67.707 vaskebjørn i same periode. Ti år tidlegare var talet 9064.
Vaskebjørnane er svært glade i søtsaker. Og alt frå bær til sjokolade blir brukt for å lokka dei fram, ifølgje det tyske nyhendebyrået.
Vaskebjørnar i full gang med å eta ein hjorteskrott. Foto: Wikipedia