Vil opna for oljeleiting i Lofoten

Senterungdommen held fram med å snakke partileiinga midt imot. No opnar sentralstyret for ein ny debatt om oljeleiting i Lofoten og Vesterålen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snakkar Navarsete midt i mot

Tidlegare har Senterungdommen vore imot ei slik leiteboring, men snur no, som det einaste raudgrøne ungdomspartiet, skriv Adresseavisen.

Dermed bryt ungdomspartiet også med den linja partileiar Liv Signe Navarsete har fronta i denne saka. Ifølgje Navarsete sjølv er dette den mest kjende saka ho og nestleiar Ola Borten Moe er ueinige i.

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?

– Dette vil nok overraske mange. Men med tanke på teknologien vi har i dag og på utviklinga meiner eg at det er håplaust å seie nei til oljeutvinning berre for å seie nei. Dersom kunnskapsinnhentinga gjev positive resultat, noko det tyder på at ho gjer, ser eg ikkje problemet med å gå inn for ei konsekvensutgreiing, seier leiar i Senterungdommen Sandra Borch.

Landsmøtet til Senterungdommen i Bodø andre helga i november skal votere over vedtaket til sentralstyret. (©NPK)

Kva synest du om forslaget frå Senterungdommen?