– Klimaendringane vil skje saktare

Utsleppa av CO2 har ikkje fullt så stor effekt på klimaet som ein til no har trudd, ifølgje ein ny studie gjort av norske forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oppvarminga vil skje saktare

Dette kan gi oss meir tid til å kutte utsleppa, og litt større sjanse for å avgrense oppvarminga til to grader – noko som er målet for verdssamfunnet. Ei oppvarming på over to grader vurderast som svært farleg av mange klimaforskarar, skriv Aftenposten.

– Oppvarminga skjer saktare enn forventa, seier professor Terje Berntsen ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo.

Han understrekar likevel at dette ikkje betyr at vi kan avblåse klimakrisa.

I rapporten frå dei norske forskarane peikast det på at det på 90-talet var ein kraftig temperaturauke både i havet og i atmosfæren. Men undersøkingane viser at det same ikkje har skjedd etter år 2000.

– Funna våre tyder på at oppvarminga også vil skje saktare framover enn det modellane og scenarioa har vist fram til no, seier Berntsen.

Les siste klima-nytt her!

Professor og forskingsdirektør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret er ein av dei fremste ekspertane i landet innan klimaforsking. Han understrekar at det er stor uvisse rundt dei nye funna.

– Det er ikkje sikkert dette er det endelege svaret. Det er for tidleg å konkludere bastant. Det er gjort fleire andre forskingsarbeid som ikkje viser det same, seier han.

Også direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, er forsiktig.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

– Desse resultata er svært interessante og vil få stor betydning både nasjonalt og internasjonalt dersom dei bekreftast av andre studium, seier han.

I 2011 var dei menneskeskapte CO2-utsleppa på 34 milliardar tonn – det høgste nivået nokon gong – og sidan 1992 har CO2-utsleppet i verda auka med 50 prosent. (©NPK)