I ei 42 fots seglskøyte frå 1928 har studenten Håvard Bakka (26) funne sin flytande heim.

Kjell ArneSteinsvik, Mørenytt
Kjell ArneSteinsvik, Mørenytt

I småbåthamna i Ørsta ligg den første isen som ei tynn hinne på vatnet. Mange har teke båtane på land eller dekt dei til for vinteren, men i den eine båten lyser det varmt frå vindauga. Om bord bur Håvard Bakka frå Fredrikstad og skipshunden Lila. Han er ein av fleire i hamna som har valt å la plenklipp, interiørstilar og grunnmurar segle sin eigen sjø og i staden flytte om bord i båten på permanent basis.

I oktober i fjor fortøydde Håvard i Ørstahamna etter å ha segla frå Fredrikstad. Der hadde han budd om bord i eitt år.

– Å bu i båt kler min livsstil. Ein veit at ein har alt på ein plass og ein har mulegheita til å flytte på seg, seier han.

– Har det ein treng mest
Oljelampen heng under dekk, skipsrattet er montert midt i «stova» og under dørken står ein stor motor. Avstanden frå eit rekkjehus med Ikea-kjøken kunne ikkje vore større. For Håvard er det praktisk og triveleg.

– Det fine med å bu på ein liten plass er at ein ikkje kan ha så mange ting. Ein må kutte ned på eigedelane og halde det minimalt. Ein har berre det ein treng mest, seier han.

Trebåt
Ideen om å kjøpe seg båt og flytte om bord fekk han då han studerte i Oslo for fleire år sidan.

– Eg budde nokre månader i ein lugar i ein stor seglbåt på Aker Brygge. Det likte eg veldig godt, og eg vart biten av basillen, fortel han.

Ikkje lenge etter vart ei 84 år gamal treskøyte med namn «Penelope» kjøpt. Skuta har tidlegare vore på jordomsegling og ber preg av eit langt liv til sjøs. At det skulle vere ein trebåt var eit bevisst val.

– Eg likar godt tre. Det er litt artig at det lever sitt eige liv. Det krympar og svell etter forholda, seier han. Og som treskuteeigar har han fått nok å henge fingrane i.

– Eg kan stadfeste ryktet om at det er mykje arbeid med trebåt. Men det er tilfredsstillande å ha gjort det og sjå resultatet. Og ein lærer utruleg mykje undervegs. Det har vore ein bratt læringskurve.

Praktiske løysingar
Sjølv om båten på dryge tolv meter berre er ein brøkdel så stor som ein vanleg bustad, er det forbausande god plass om bord. Bak alle luker og skott er det noko.

– Alt som kan vere eit oppbevaringsrom er det. Benkene vi sit på er lagerrom, og kartbordet inneheld alt det elektroniske. Det handlar om å utnytte plassen mest muleg. Ein har ikkje så mykje plass, og ein kan ikkje berre byggje på og utvide som i eit hus. Då må ein eventuelt bytte båt, seier han.

Likevel er han ikkje heilt uavhengig av landjorda sine gode. Klubbhuset på land inneheld fasilitetar som vaskemaskin, dusj og toalett som båtbuarane nyttar seg av.

Nær naturen
– Kva appellerer mest med å bu i ein båt?

– Noko av det flottaste er at ein kjem i nær kontakt med døgnet, været og årstidene. Ein kjenner det på kroppen på godt og vondt. Og det er ekstra lunt og godt å kome inn når vêret rasar utanfor. Då sit ein trygt og godt i ein båt som gyngar litt i vinden, seier han.

– Er det kaldt om bord om vinteren?

– Alle spør om det er kaldt og rått. Det er ikkje så ille som ein skulle tru. På vinteren er det stundom kaldare enn i eit hus, men ein kan kle seg godt. Er det veldig kaldt, tek eg på meg ein ekstra genser. Ofte vert eg heilt sett ut når eg kjem inn i eit hus og kjenner kor varmt nokre har det, seier Håvard, som skal til på sin tredje vinter om bord i«Penelope».

Håvard og skipshunden Lila likar seg godt om bord.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE