Tidligare NU-leiar listetopp for Senterpartiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er med i politikken for å redda verda. For oss som vil ta naturen i bruk for å løysa klima-, mat- og energikrisa, er det berre eitt parti som gjeld, slår Kismul fast.

Kismul har berre vore statssekretær i Olje- og energidepartementet i få veker, men har tidlegare vore politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet og for Ola Borten Moe då han var stortingsrepresentant. Ho var leiar i Natur og Ungdom frå 2003 til 2006.

Ingen stortingsrepresentant sidan 1993
Svein Sundsbø (69), landbruksminister i Willoch-regjeringa, gjer comeback i politikken med andreplass på lista. Sundsbø var landbruksminister i regjeringa til Kåre Willoch, men har sidan hatt ei rekkje ulike posisjonar i nærings- og samfunnsliv

Senterpartiet har ikkje hatt nokon stortingsrepresentantar frå Oslo sidan Arne Haukvik blei vald inn ved stortingsvalet i 1993

QUIZ: Kva veit du om Senterpartiet?