No kan du gjere klar skia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire av dei store norske skianlegga har planlagt opning rundt den første helga i november denne sesongen, og alt tyder no på at ting vil gå etter planen. Både Trysil, Hemsedal, Geilo og Kvitfjell rapporterer at dei er godt i rute.

Etter mildvêr førre helg er det meste av den snøen som kom sist veke smelta bort i lågareliggjande strok, men i høgda er det kvitt framleis, og mildvêret har faktisk gjort snødekket godt mange stader, seier Torkel Karoliussen i Skiinfo.no.

Blant entusiastane er det fleire som starta topptursesongen allereie for over ein månad sidan, medan dei aller ivrigaste aldri avslutta sesongen frå i fjor. Karoliussen har denne veke fått inn rapportar frå heile landet, der det er funne skiføre i høgda.

Langrennssesongen hadde ein tjuvstart som smelta bort igjen, men både på Geilo og i Hemsedal er det køyrt opp langrennsspor på natursnø i høgda. Med det kalde vêret som er venta dei neste dagane, vil det bli produsert kunstsnø også for langrenn fleire stader i landet.

I Nord- og Midt-Noreg kjem snøen no, og det kan bli betydelege mengder også i låglandet, ifølgje både Yr og Storm. Både Sulitjelma Fjellandsby og Steilia har allereie starta snøproduksjonen, men ingen av anlegga nord for Dovre eller på Vestlandet ser ut til opne like tidleg som i sør. (©NPK)