Kaisa Aglen reiste frå Volda via Sverige til Trondheim for å studere filosofi. Med diktsamlinga Kvar i kroppen sit ingenting, har debutanten staka ut si eiga tankerås.

Har du det bra for tida?

– Ja, sei det. Trondheimshausten er vakker. Men føtene er jamt over usannsynleg kalde.

Det slår meg at du er ei som gjeng di heilt eiga diktarrås. Stemmer det, eller har du nokre konkrete førebilete?

– Ei eiga diktarrås læt for kult til å nekte for. Eg har jamt over veldig sansen for dei som skriv på ein måte eg sjølv aldri vil klare (å stå inne for?). Til dømes Alejandra Pizarnik, Claude Simon, Ann Jäderlund, Botho Strauss. Eller Eminem for den del: «His gift is a curse, forget the Earth, he's got the urge, to pull his dick from the dirt, and fuck the whole universe». Det er jo ikkje til å kimse av.

Heile universet altså? Kvar er du på veg i dikta dine?

– Eg anar ikkje kvar eg er på veg. Eit stykke ut i manusarbeidet vart eg, via Arild Vange, som har gjendikta tekster av mellom andre Thomas Kling og Botho Strauss, merksam på kor viktig rytme og klang er for meg, både i val av kva eg les, og i arbeid med eigne tekster. Det kjentes på eit vis frigjerande; å med vitande vilje fokusere spesielt på rytme og klang.

I forlaget ditt sin omtale av dikta står det at du skriv om "forsvinning", "makt" og "undertrykking". På kva måte? 

– Eg veit ikkje. Atle Kittang skreiv i meldinga i Klassekampen at «Slike assosiasjonar er det saktens mogleg å få, på same måte som dei tilbakevendande bileta av ei flytebrygge, svaberg og sommarkjolar (…) fører tankane i stikk motsett retning.» Eg veit ikkje om eg skriv om noko. Kring, på, via? Nei, æsj, det kjennest alltid så kleint å skulle forsøke seie noko vettugt om eigne tekstar.

Korleis får du orda i dikta til å bere fram meining om slike alvorlege tema?

– I den grad det kan kallast meining, er det vel bileta, som viser eller held fram eitkvart? Eller, i kva grad kan ord eigentleg bere fram (ny/interessant?) meining om slike alvorlege tema. Eg har hatt ei kjensle av at orda har trekt seg unna medan eg skriv, ei eg-stemme som famlar utan å klare å nå fram.

Ei eg-stemme som famlar… Var det noko spesielt som hende i livet ditt før eller medan du skreiv som ein kan sjå spor etter i tekstane dine? 

– Sjølvsagt. Men etterkvart rulla tekstene av garde i sine eigne retningar, danna eit passe inkonsistent univers, med ei passe inkonsekvent eg-stemme, og ein passe sprikande han/du-karakter.

Kva i samfunnet rundt deg er du spesielt oppteken av? 

– Akkurat no er eg spesielt oppteken av krig og litteraturhus. Sistnemnde i Trondheim. Eg er stygt redd vi endar opp med eit litteraturkott i folkebiblioteket.

Kor kronglete var vegen frå då du bestemte deg for at du ville gi ut dikt, til boka låg i fanget ditt?

– Vegen var vel mest kronglete frå eg bestemte meg for at eg ville forsøke (og forsøke og forsøke og forsøke) å gi ut dikt, og til Samlaget bestemte seg for at dei ville gi ut dikta mine. All ære til konsulenten som gav den mest gjennomgåande kritikken eg nokon gong har fått, og til ein venlegare, men streng redaktør som tok meg med vidare.

Er du fornøgd med resultatet, med andre ord?

– Eg er særs nøgd med at der i det heile er eit resultat. Og det er i alle tilfelle for seint å vere noko anna enn nøgd med det. Boka vart fin den. Omslagsillustrasjonen er laga av Ragnhild Aamås. Vi hadde ein rimeleg lang prosess der ho las manus og kom med skisser, diskutering av skisser, nye forslag, og så kom vi fram til endeleg omslagsformat saman. Det var moro å få arbeide saman med ein dyktig kunstnar.

Fortel om opplevinga av det å vere debutant. Du var mellom anna ein del av ein poesikøyretur til Bergen, der andre poetar og redaktørar var med?

– Eg hadde min eigen private poesitur innom Bergen først, og møtte eg dei andre i Ulvik. Det var særs stas å få treffe redaktøren min og andre samlagspoetar i Olav H. Hauge-land. Det er litt pussig å ha jobba tett med ein redaktør og andre på Samlaget, utan å sjå nokon av dei. Eg har sakna å kunne peike på arket og seie eg vil ha det meir slik og slik, fordi sånn og sånn. Men eg kjenner meg godt teken vare på. Eg er litt redd språkvaskarar, men kjekke folk heile gjengen.

LES OGSÅ: Poetar bloggar seg over fjellet

Har det vore mykje trykk?

– Det har vore veldig mykje meir trykk enn eg venta. Eg trudde lyrikkdebutering gjekk føre seg i det stille, at omlag ingen fekk det med seg. Men no er det faktisk blitt slik at når eg får telefon frå eit nummer eg ikkje kjenner, så går eg ut i frå at det er frå ei avis eller frå nokon som vil ha meg til å lese. Mest overraskande så langt var ein telefon frå Stjørdal Mållag, som gjerne ser at eg les heile boka. Eg likar å få reise (gratis), og overnatte på hotell (gratis), og eg likar å lese (og å få pengar for det). Alt i alt er det stor stas.

LES OGSÅ: Fløymer over av erotikk og sybøker

Kva tek du med deg frå året då du debuterte som skjønnlitterær forfattar?

– Eg tek med meg Forfattersentrum Midt-Norge, Trøndersk forfatterlag, eit kjekt og inkluderande litteraturmiljø i Trondheim, organisasjonsnummer, og snart nytt stereoanlegg. Og så har eg innsett at (ny) lyrikk er enda meir framandt for dei fleste enn kva eg trudde, men at ein god del folk les det eg har skrive likevel.

Er det noko du skulle ha sett at var annleis?

– Eg skulle nesten ønske der var ei innføringsbok, med overskrifter som «Alt du lærte på skulen er feil» og «Ikkje bry deg med at du ikkje forstår så mykje ved første eller siste gjennomlesing». Samt at der er ein sjanse for å sjå usannsynleg store bilete av meg, i usannsynleg store aviser. Det er beint fram pinleg. Eg angrar ikkje på at eg insisterte på å få noko anna enn standard portrettfotografi, men eg skulle ønske det var bilete av boka som dukka opp i staden for.

Er du nøgd med å ha gitt ut desse dikta, eller har du meir på lur i tida framover?

– Eg har so mykje på lur at eg går heilt i surr.

 

LES SISTE BOKNYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE