Over 200 millionar samla inn i TV-aksjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her bur dei som gav mest

Ifølgje oversikta på nettsidene til aksjonen har kvar innbyggjar på Svalbard gitt heile 448,79 kroner. Så følgjer Utsira i Rogaland, ein annan gjengangar på lister som dette, med 243,37 kroner. Deretter kjem Træna i Nordland, Bokn i Rogaland og Hasvik i Finnmark

Blant fylka er det Sogn og Fjordane som toppar, framfor Rogaland og Aust-Agder.

Blant dei ti største byane i Noreg er Stavanger den mest gåvmilde per innbyggjar med 51,98 kroner, følgt av Sandnes og Trondheim med høvesvis 46 og 44 kroner.

Vellykka
Aksjonsleiinga er stornøgd.

– TV-aksjonen er også i år veldig vellykka. Vi hadde eitt mål då vi starta arbeidet, og det var å verve 100.000 bøsseberarar, slik at alle husstandar fekk besøk. Det klarte vi, og alle har fått moglegheit til å gi, fortel informasjonsansvarleg Ahmed Fawad Ashraf til NTB.

Då sendinga til NRK gjekk av lufta ved 00.30-tida natt til måndag var det samla inn 200.289.668 kroner på landsbasis. Det er 40,18 kroner per innbyggjar. Det er forventa at summen vil stige dei neste dagane. Det endelege resultatet er ikkje klart før om eit par veker.

Eit teikn på velvilje
Amnesty er takknemlege for givargleda og innsatsen.

– Vi er utruleg stolte og takknemlege for den innsatsen som er lagt ned i årets TV-aksjon. Dette resultatet er eit stor samtykke til arbeidet vi gjer kvar dag, og eit bevis på at menneskerettane blir sett høgt av det norske folk, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i Noreg.

– Takka vere pengane frå TV-aksjonen blir Amnesty sterkare: Vi kan vere fleire stader, etterforske nye menneskerettsbrot, lære opp fleire lokale aktivistar og mobilisere breiare for å påverke styresmakter og selskap til å endre åtferd og respektere menneskerettar.

Amnesty trekkjer også fram at i år har næringslivet bidrege som aldri før. 5.000 bedrifter har gitt 26 millionar kroner. I tillegg har givargleda frå foreiningar, organisasjonar, skuler og barnehagar vore stor i år. (©NPK)

Innbyggjarane på Svalbard var dei som gav mest i Noreg.