Skal vi dele ut fredsprisen?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ein gong i året følgjer alle med på det han seier. Ikkje berre alle i Norge. Utanlandske journalistar følgjer også med. Det er ikkje mykje som skal til. Han har sjansen. Han har ordet. Han har kontrollen. Ingen kan rekke å stoppe han. Han treng berre nokre få sekund. Han kan seie og gjere det han vil, og sørgje for å bli det han vil: Berykta, omstridt, ein youtube-hit. Kva som helst. Men nei. År etter år kjem han ut, seier det han skal, så bra som mulig, at Nobels fredspris går til den og den. Så smiler han litt og så er det ferdig.

Tenk på alt han kunne sagt:

«Det første paret som går vidare frå ‘Skal vi danse’, er … Unnskyld, feil lapp.»

«Heisann. Før eg kunngjer årets vinnar, hadde eg tenkt å ta ein gjennomgang av min korte og på mange måtar undervurderte periode som norsk statsminister på nittitalet.»

«Heia Strømsgodset!»

«Eg har lært meg å steppe sidan i fjor. Vil de sjå?»

«Flott dag i dag. Eg merka det med ein gong eg stod opp og såg ut. Den raude himmelen. Haustfargar på trea. Friskt. Du verden så vakker hausten er, tenkte eg. Og er det ikkje også slik, alle saman, at det er i livets haust mange tenker dei klokaste tankane, tankane som forandrar verden, gjer kloden vår til ein litt betre plass. Ikkje eit vondt ord om ungdommens idealisme, den treng vi! Men er det ikkje når ungdommens idealisme får modne og møte motgang, men utan å bli desillusjonert eller kynisk, at vi saman kan gjere verda betre, steg for steg? Og apropos steg for steg: Då eg såg den raude himmelen og haustfargane på trea, bestemte eg meg for at i dag skal eg spasere. Visst skal eg det! Her skal det ikkje bilast eller trikkast. Eg skal gå! Med spenst i stega! Slik store menn og store kvinner før meg har gått, trakka opp dei stiane vi i dag går, stiar mot fred og samarbeid. Eg tok meg ein espresso på ein lokal kafé, helste på eit ungt forelska par, trekte inn haustlufta og tenkte på kjærleiken som kraft, kraft til å forandre, kraft til å gjere verda til ein betre plass… Men eg snakkar meg vekk. Kvar var eg? Jo! Hausten…»

«Eg har kjøpt meg nytt slips.»

«Høyrt den nye til Vinni eller? Det er ein modigare Vinni vi høyrer denne gongen. Og ærligare.»

«Til alle som tidligare år har kritisert og latterliggjort engelsken min: I år skal eg lese grunngivinga på spansk. De kjem ikkje til å forstå nokon ting. Eg håper de er inderlig fornøgde no.»

«Står til? Kva trur de om kampen i kveld då? Nordkvelle sentralt? God idé? Nokre tankar?»

«Jada. Neidå, så… Ellers då?»

«I år har eg bestemt meg for å mime vinnaren.»

«Hei, alle saman. De liker jo å tippe Nobelpris-vinnar. Så eg foreslår eg at vi gjer det på denne måten: De får tre forsøk på å tippe rett vinnar. Dersom ingen av tipsa stemmer, så møtes vi igjen i morgon, same tid, same stad. Då får de tre nye forsøk. Slik held vi på til nokon tippar rett vinnar. Om ingen tippar rett vinnar før 10. desember, så blir det ikkje fredspris i år. Nokon som vil begynne?»

«Her var det mykje folk. Noko spesielt som skjer, eller?»

«Ingen kan meine noko anna enn at fredsprisen har tatt seg opp etter at eg tok over. Først gav eg prisen til ein som ikkje ville ha han, så gav eg prisen til ein som ikkje kunne komme og hente han, så gav eg prisen til tre som ingen visste kven var. Eg er uforutseielig. Eg er ein villmann. Eg legg meg ut med kven det skal vere. Eg har blitt ledd av i femten år fordi eg sa 36,9 då eg var statsminister, så eg har tjukk hud. No problem. Eg veit kva de tenker: Kva finn han på denne gongen, denne Nobelprisens enfant terrible, denne fredsprisens Billy the kid? Kven gir han prisen til denne gongen? Lance Armstrong? Seg sjølv? Ein ukjent parlamentarikar frå Belgia? Britney Spears? Kven veit. Alt kan skje. Følg med.»

«Endelig har eg klart å overbevise dei andre sullikane i komiteen. I år går fredsprisen til EU. Hah!» 

Først publisert i Aftenposten 13. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!