Alt er heilt fantastisk

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Også er eg her. Liggjande på senga i noko som liknar eit nyoppussa hotellrom av ein hybel med eige bad, bilete av familie og vener på veggen og dei store filosofane ståande i bokhylla. Med sju andre studentar frå alle verdas hjørne like utanføre døra, på rommet sitt eller kanskje på kjøkkenet medan dei lagar kveldens felles middag. Med dei resterane 9000 studentane like utanføre gongen vår, alle framande andlet med spanande historier og nye meiningar. Med Royal Holloway, slottet me har til universitetsbygning, liggjande ein 7 minuttars tur gjennom grøn skog med ekorn som knaskar på nøter på annan kvart tre. Med forelesningssalar som husar fantastiske førelesarar, nyskapande teoriar og utskrivne notatbøker.

Alt er slik eg førestilte meg det skulle vera.

Alt er heilt fantastisk.

Men ingen åtvarar deg om den første dagen du flytter inn i din nye heim for det neste året og alt blir sett inn i hyllene, men der ingenting likevel verkar som heime.

Ingen åtvarar deg om første morgonen du vaknar i ei ny seng og innser at du faktisk ikkje har nokon du kjenner som du kan ringe til for å høyre om de skal finne på noko.

Ingen åtvarar deg om at til tross for at du har 9000 menneske som går forbi deg kvar einaste dag, så er det ingen der du kjenner godt nok til å fortelje om den stikkande følelsen du kjenner i brystet over alt det framande.

Ingen åtvarar deg om at den  eingong koselege skogen med alle dei fine ekorna blir mørk om natta.

Ingen åtvarar deg om at dei fantastiske førelesarane snakkar britisk med så tjukk aksent at ein etter førelesninga kikkar ned på notatblokka og ser at ein berre har skrive ned to ord som seier ”Kjøp middag”. 

Å studere i utlandet er definitivt ikkje det enkle valet.

Same om ein spaserer på den kinesiske muren i Kina eller ser isbjørn på Svalbard. Same om ein studerer i utlandet eller tek juss ved universitetet i Bergen. Same om ein er russ på landstreffet i Kongeparken eller skal feire 80årsdagen til bestemor. Det er tabu å snakke om alt som kjenst framandt, rart og nytt. Det er tabu å snakke om dei gongene ein har det vondt nettopp fordi det er forventa at ein skal ha det så fordømd bra.

Å studere i utlandet er ikkje alltid slik ein forventar seg at det skal vera.

Nedturane er mykje verre.

Oppturane er mykje betre.

Å studere i utlandet er definitivt ikkje det enkle valet, men det betyr ikkje at det ikkje er det riktige valet.

 

Les meir på temasidene våre for jobb og studier i utlandet!