Tajik lovar forslag til boklov før sommaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovar forslag til boklov

– Då vil Stortinget få lovforslaget til behandling, sa Tajik på ein pressekonferanse fredag

Statsråden sa at ei boklov vil tene både lesarar og forfattarar.

– Lesarane i alle delar av landet vil vere sikra både smal og brei litteratur, sa ho.

Tajik gjorde det klart at ein fastprisperiode på nye bøker vil vere eit sentralt verkemiddel i forslaget til boklov. Ho opplyste samtidig at det ikkje er avgjort om fagbøkene vil bli omfatta av lova.

– Eiga vurdering
– Det må gjerast ei eiga vurdering av fag- og lærebøker for høgare utdanning, sa statsråden, som la til at spørsmålet vil bli ein del av høyringa som skal gjennomførast før lovforslaget blir lagt fram.

Statsråden seier at høyringa vil vere brei; alle skal få høve til å leggje fram synspunkta sine på saka.

I tillegg til fastprisperiode trekkjer Tajik fram rabatt- og avanseregulering mellom forlag og bokhandlarar som eit sentralt grep i ei ny boklov. Desse reguleringane skal ha som mål å redusere marknadsmakta.

Les òg: Vil avgrense forlagsmakta

Applauderte
Mange representantar for bokbransjen var til stades på pressekonferansen. Dei applauderte nyheita om at ei boklov vil kome. Bokbransjen står samla i ønsket om ei lov som avløyser dagens fastprisordning for bøker.

– Vi er svært tilfreds med vedtaket til regjeringa om ei boklov som varetek dei spesielle behova til nasjonen, seier Kristenn Einarsson, administrerande direktør i Forleggjarforeininga.

Han seier foreininga går inn for at også fagbøker og lærebøker for høgare utdanning skal omfattast av boklova.

Einarsson seier fastprissystemet sikrar alle tilgang på ei stor breidd av skjønnlitteratur og sakprosa. Det gir mindre uvisse for forfattarar som er tidleg i karrieren, og ein tryggare konkurransesituasjon for bokhandlarar på mindre stader, meiner han.

Rabatt- og avanseregulering gir dei små og mellomstore forlaga føreseielegheit og sikrar dermed mangfald på utgivarsida, ifølgje Einarsson.

Les ògEin av fire les bøker dagleg

Konkurransetilsynet skeptisk
Blant instansane som stiller seg skeptisk til ei boklov, er Konkurransetilsynet. Ei norsk boklov vil truleg innebere at bokbransjen får permanent unntak frå konkurranselova.

Slike unntak vil svekkje konkurransen i bransjen – ein konkurranse som elles kunne ha kome lesarane til gode i form av lågare prisar på bøker, har tilsynet tidlegare påpeika.

Direktør Christine Meyer i Konkurransetilsynet seier til NTB at ei fastprisordning vil hemme konkurransen.

– Også rabatt – og avanseregulering mellom forlag og bokhandlarar vil vere svært uheldig. Slike reguleringar vil ganske sikkert avle nye reguleringar, seier ho

Kulturminister Hadia Tajik understrekar at formålet med ei boklov er å skape rammevilkår som sikrar høg kvalitet og eit rikt mangfald i norsk litteratur.

– Ei boklov er ein måte å vidareføre gjeldande kulturpolitikk på, sa statsråden. (©NPK)

andrea@npk.no