Harde skuldingar mot Navarsete
Liv Signe Navarsete får beisk kritikk frå sitt eige ungdomsparti. No orsakar partileiaren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Skjelte ut eigne ungdommar
Senterungdommen forlangar oppvask etter at partileiar Liv Signe Navarsete skal ha skjelt ut leiaren av ungdomsorganisasjonen, Sandra Borch.
Det er Dagens Næringsliv som fortel dette i dag.
Avisa har fått tilgang til eit svært krasst brev frå sentralstyret i Senterungdommen til toppleiinga i moderpartiet.
Her heiter det mellom anna :
«Vi kan ikke ha en partileder som skjeller ut sine egne åpenlyst fremfor så mange, og i tillegg nyinnmeldte senterungdommer på 15 år.»
Bakgrunnen for denne episoden skal vera ein artikkel i Aftenposten der Borch sa at nestleiar Ola Borten Moe ville vera ein sterk kandidat til å overta når Liv Signe Navarsete ein dag gir seg som leiar.
Det var under Dyrøyseminaret i Troms 18. september Navarsete skal ha skjelt ut Borch for på ha støtta Ola Borten Moe i avisintervjuet.
Dagens Næringsliv la igår ettermiddag frem innhaldet i kritikken for Liv Signe Navarsetes statssekretær Erlend Fuglum. Navarsete var i eit møte og hadde ikkje høve til å kommentera saka før papiravisa gjekk i trykken.
Seint torsdag kveld gav imidlertid Liv Signe Navarsete følgande kommentar til Dagens Næringsliv i en epost:
«TIL SENTERUNGDOMMEN: Eg beklagar om Sandra opplever at ho vart skjelt ut. Det var sjølsagt ikkje mi meining. Ingen skal oppleve å bli utskjelt av partileiaren, og spesielt ikkje ungdomane våre. Eg er lei for at Sandra og ungdomen ikkje har tatt opp korleis ho opplevde dette direkte med meg. Eg skjønar no at me har eit behov for å skvære opp, og vil allerede i kveld sjå om eg og Sandra kan møtast for å snakke ut».