Siste sjanse for valløfte

På måndag blir statsbudsjettet lagt fram. Regjeringspartia har sidan 2005 lova auka studiestøtte, men opposisjonen har lite tru på det siste budsjettet før valet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før valet i 2009 gjekk alle dei tre regjeringspartia inn for elleve månaders studiestøtte og heva satsar i Lånekassen.

I staden er studentane framleis avhengige av sjefen og foreldra si lommebok. Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at kvar fjerde student får støtte heimanfrå, og seks av ti studentar jobbar ved sidan av studia.

På Bergen Arkitekthøgskule sit Fredrik Josefsson. For å få endane til å møtest tek han vaskejobbar ved sidan av studia.

– Eg lever fattig, leitar etter utgått mat på butikken og finn sjeldan på noko moro, seier han.

I juni blir det av og til ein telefon heim til mor, for å jobbe ekstra i eksamensperioden kjem ikkje på tale.

– Arkitektstudiet er ekstremt intenst, og eg brukar 40 timar i veka på studiet. Mange byrjar å jobbe mykje i tillegg for å klare økonomien, men eg brukar heller kredittkort.

Les ògLøftebrot frå regjeringa

– Høgst naudsynt
Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Øyvind Berdal, meiner at det neste budsjettet er regjeringa sin siste sjanse til å levere før valet.

– I Soria Moria II-erklæringa lovar regjeringa at det skal være mogleg å studere på heiltid. Det er ikkje slik det er i dag, og det er ei sak det er høgst naudsynt å satse på, seier Berdal.

– Ei studiestøtte på 1,5 G i folketrygda vil gjere at studentar i større grad kan prioritere å gå på forelesing eller lesesalen i staden for å gå på jobb, og likevel vere i stand til å finansiere ein kvardag som student.

Les òg: Studielånet er underregulert

Har ikkje trua
Stortingsrepresentanten Svein Harberg frå Høgre trur ikkje regjeringa kjem til å innfri løfta sine på måndag.

– Regjeringa har vore lunken heile vegen, og det vi har sett i denne stortingsperioden er at økonomien for studentane har vorte verre. Regjeringa burde i det minste ha auka satsane slik at kjøpekrafta for studentane ikkje vart svekka, seier han.

Harberg seier at dersom Høyre kjem i regjering vil dei prioritere å vere føreseieleg for studentane og trygge kjøpekrafta deira.

– Satsane bør vere slik at studentane kan konsentrere seg om studia sine.

Heller ikkje arkitektstudent Josefsson trur regjeringa vil innfri løfter og lovord.

– Eg har studert i ti år, og elleve månadars studiestøtte har vore snakka om like lenge. Men det blir aldri vedteke.

Les meir i Studvest!

 

Omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide.

Faktaboks

LØFTA FRÅ 2009

SOSIALISTISK VENSTREPARTI
– Auke studiestøtta til 2 G (145.762 kr) i året.
11 månaders studiefinansiering.
Billegare kollektivtilbod for studentar.
Trygge studentar på lik line med arbeidstakarar.
Auke løyvingane til høgare utdanning og forsking.

SENTERPARTIET
Auke studiestøtta og innføre 11 månaders studiestøtte. 
– Auke basismidla til universitet og høgskular. 
Løyve mer penger til investeringer i vitskapleg utstyr.

ARBEIDARPARTIET
– Auke studiestøtta med minimum det same som prisveksta. 
– 11 månaders studiefinansiering.
Byggje 1000 studentbustadar i året.
Auke innsatsen på forsking.