50 år sidan The Beatles slo gjennom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

50 år sidan dei slo gjennom

Plata heitte «Love Me Do», gutane kalla seg The Beatles – og verda vart aldri meir den same. Langt hår hadde dei også! Det vil seie, langt hår etter dåtidas målestokk, då det i reklamen for ein viss hårkrem heitte at «en gentleman klipper seg kvar 14. dag». Men moppetoppane, som britane snart kjærleg kalla dei, klinte ikkje feitt i håret.

Så der datt Elvis av lasset. Bob Dylan spelte kassegitar for amerikanske ungdommar og vart nesten feia av bana, han også. Av John, Paul, George og Ringo, som på forbløffande kort tid skulle leggje ei heil verd for sine føter.

Lydspor til livet
Folk som var fødde på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet, fekk eit nytt lydspor til liva sine. «Love Me Do» var rett nok ingen megasuksess – ho kom seg berre opp til ein 17. plass på det britiske platebarometeret – men gutane hadde meir å by på.

For «Love Me Do», med luntetempoet sitt og lett melankolske munnspel, vart følgt opp av «Please Please Me» og «From Me to You». Og så eksploderte det fullstendig med «She Loves You», som kom ut i august 1963 og stadfesta verdshegemoniet til The Beatles på hitlistene.

No skulle ein vere rimeleg bortreist dersom ein ikkje kjende namna John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ringo Starr. Sistnemnde, med døypenamnet Richard Starkey, hadde offisielt vore trommeslagar sidan august 1962, men spelte ikkje på «Love Me Do».

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Beatlemania
Den første halvdelen av 1960-talet var prega av Beatlemania, eit uttrykk som neppe treng noko omsetjing. Plateutgjevingane til bandet var ein ubroten serie av triumfar, men konsertane utvikla seg til eit mareritt, der fansen hylte så høgt at The Beatles knapt kunne høyre seg sjølv spele.

– Alle skreik, alt var veldig stort og alt var veldig rart, fortalde Ringo etter den berømte konserten på Shea Stadium i New York i august 1965.

– På Shea Stadium forstod eg at no hadde vi nådd toppen, kommenterte John.

The Beatles endra musikalsk kurs, delvis prega av narkotikabruk. I 1967 kom ei ny plate, meisterverket «Sergeant Pepper's Lonely Hearts Club Band», som ifølgje rockemagasinet Rolling Stone er «det viktigaste rock 'n' roll-albumet gjennom tidene».

Heidra
No måtte sjølv kritikarane som skreiv om såkalla seriøs musikk, innrømme at gutane hadde noko å fare med. Frå før av var dei heidra for bidraget sitt til å gjere Storbritannia moterett – og til å styrkje britiske eksportinntekter – med utmerkinga Order of the British Empire, OBE.

Dei færraste kunne eller ville forstå det, men no gjekk stordomstida mot slutten. Dei fire spelte ikkje saman meir. John Lennon vart drepen på opa gate i New York i 1980, og George Harrison døydde av kreft i 2001.

Paul og Ringo har halde det gåande, med til dels stor suksess for Paul. I ettertid er det lett å gløyme at heile eventyret berre varte i sju år. Men for mange av oss er det berre å ta ein rask tur i platehylla for å bli mint om at det verkeleg var eit eventyr. (©NPK) 

Faktaboks

Fakta om The Beatles

* Engelsk rockeband frå Liverpool, som var aktive 1960– 1970.
* Platedebuterte i 1962 med singelen «Love Me Do». Det store gjennombrotet i Storbritannia kom i 1963 med den andre singelen, «Please Please Me».
* Medlemmer: John Lennon (1940-1980), Paul McCartney (fødd 1942), George Harrison (1943-2001) og Ringo Starr (Richard Starkey, fødd 1940). Starr erstatta den opphavlege trommeslagaren Pete Best i 1962.
* Det var Lennon og McCartney som skreiv tekst og melodi til dei fleste av songane.
* Studioalbum: «Please Please Me» (1963), «With The Beatles» (1963), «A Hard Day's Night» (1964), «Beatles for Sale» (1964), «Help!» (1965), «Rubber Soul» (1965), «Revolver» (1966), «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» (1967), «Magical Mystery Tour» (1967), «The Beatles» («The White Album») (1968), «Yellow Submarine» (1969), «Abbey Road» (1969) og «Let It Be» (1970).
* The Beatles spelte også i fleire filmar.
* Gruppa, som slutta å turnere i 1966, vart endeleg oppløyst i 1970.
* Etter drapet på John Lennon i 1980 gjorde dei attlevande medlemmene det klart at ei gjenforeining utan han var umogleg.