– Arbeidet med denne plata har vore ei påminning for meg, om kven eg er og kva eg står for.

NPK-NTB – Gitte Johannessen
NPK-NTB – Gitte Johannessen
Faktaboks

Ida Jenshus
* Frå Steinkjer
* Vann talentkonkurransen «Lyden av lørdag» på NRK i 2007, der premien var platekontrakt
* Debutalbumet «Color of the Sun» kom i 2008, selde til gull og vann Spellemannpris i klassen for country
* I 2010 kom oppfølgjaren «No Guarantees», som også vann Spellemann
* Vann Bendiksenprisen i 2011
* Aktuell med tredjealbumet «Someone To Love», der ho bytte produsent frå Håkon Gebhardt til Kåre Vestrheim (Marit Larsen, Odd Nordstoga)
* Skriv låtane sjølv, tidvis i samarbeid med Martin Hagfors (tekst)

Turnéliste / Ida Jenshus
* 18. oktober – Otta Kulturhus
* 19. oktober – Elverum Kulturhus
* 20. oktober – The Crossroad Club, Oslo
* 24. oktober – Fana Kulturhus, Bergen
* 25. oktober – Storstova, Bryne
* 26. oktober – Høvleriet, Haugesund
* 27. oktober – Arena, Stord
* 1. november – Sunndal Kulturhus, Sunndalsøra
* 2. november – Ørsta Kulturhus
* 3. november – Berkåk Samfunnshus
* 8. november – Storstuggu, Røros
* 9. november – Dokkhuset, Trondheim
* 10. november – Gammelsætra, Hitra
* 15. november – Driv, Tromsø
* 16. november – Ørnes Hotell, Meløy
* 17. november – Sinus, Bodø
* 22. november – Blå Grotte, Fredrikstad
* 23. november – På hjørnet, Nesbyen
* 24. november – Bakkenteigen Kulturhus, Horten
* 14. desember – Stryn Kulturhus
* 15. desember – Surnadal Kulturhus

LES FAKTALUKK FAKTA

Ida Jenshus er klar med tredjeskiva, der forventningane frå omverda må ha vore skyhøge, men der ho sjølv fann tilbake til leiken saman med den nye produsenten sin, Kåre Vestrheim.

– Han gav meg sjølvtillit til å gjere meir sjølv, både munnspel og gitar, så vel som at heile prosessen blei gjennomsyra av leik, søken og eksperimentering. Det var herleg å vere tilbake der igjen! Eg var klar for å bli sett på nytt, seier ho om arbeidet bak «Someone To Love», som kjem på marknaden denne veka.

Regnvêrsstemning
Trass i leiken er det likevel ei til dels melankolsk plate, ikkje minst på tekstsida. Musikalsk har plata eit stort og flott lydbilde, sidan Ida Jenshus skreiv meir på elgitar enn på kassegitar, og meir med tangentar.

– Tekstane skildrar ein toårsperiode eg har vore igjennom. Det er ei fantastisk kjensle å få det ut. Låtane kjem frå gud veit kor, men det er noko som har påverka meg og som kjem tilbake, seier ho.

I «The Gap» syng ho om å gi og ta i eit kjærleiksforhold. Og om korleis han ikkje veit kva han skal gjere når ho «flyt inn i mørket sitt». I tittellåta syng ho spørsmålet om han kan vere der for henne, bli med henne når natta omgir henne, og vere den ho kan halde rundt og elske.

Nokre av songane er personlege, sjølv om ho ikkje vil utdjupe så mykje meir. Ho kikkar ut av vindauget på regnet som har jaga unna sola ei stund:

– Det passar bra til stemninga på plata, seier ho med eit skrått smil.

Hjerteskjerande vakkert er kanskje den beste skildringa, og godt er det å vite at Ida Jenshus etter eige utsegn også må klype seg i armen fordi ho er så heldig og har funne vegen tilbake til «alt eg elskar», slik ho syng i låten «Days of Nothing» – som handlar om å ta seg tid til å tenkje etter kva som er viktig, kva som er kjernen.

Kjempa og vann
Mest direkte går ho ut i låten «Marie (What Happened to the Music?)» – om ungjenta som stiller opp på alt for å få musikken sin høyrt. Og det er talentkonkurransane i fjernsynet Ida Jenshus siktar til, der sanning, privatliv og ektheit går tapt – i jakta på poeng.

– Eg har sett det frå innsida, seier Ida Jenshus.

LES OGSÅ: Jenta som spelar på alle strenger

19 år gammal opplevde ho det snodige i å konkurrere i musikk på tv. Ho blei den vrange, som insisterte på å ha eigne musikarar, gjere eigne låtar – og ikkje smile breitt på oppfordring. Men ho vann.

– Då lærte ein det. Eg måtte kjempe, og beskytte meg sjølv. For det er oppgåva vår å halde igjen litt, seie nei. Det er du sjølv som må ta diskusjonen på kva du vil, seier ho i dag om erfaringa ho tok med seg.

Derfor var det Ida Jenshus beheldt kontrollen så sterkt då ho laga dei to første albuma sine, som begge vann Spellemann.

– Eg må gjere dette på min måte, elles kan det vere det same. Eg må ha fridom til å gjere kva eg vil med musikken.

– Som å komme heim
Det er musikken som driv henne, slik ho kjem inn på i «If Today Was Off My Mind». Korleis det å komme opp på scena er meir enn ein jobb, «det er alt eg er».

– Når eg kjem ut på scena, ut i det rommet vi skaper, er det som å komme heim. Det er ubeskriveleg, då betyr ingenting anna noko, det er rein rus som eg unner alle å kjenne på, seier Ida, som no skal turnere fram til jul.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Det er det som også er bodskapen i songar som «Marie»: At folk må velje det som gir dei indre glede, ikkje berre det ytre rundt, forklarer ho.

– Du har sterke meiningar, og våger å seie dei. Er det færre av artistar som deg i dag?

– Det er mange som meiner noko i dag, men det blir ikkje høyrt. Kanskje fordi dei ikkje stiller opp på alt? Å tørre å ha meiningar krev at du står i det. Og kanskje det er dette plata mi handlar om, det å finne tilbake til dei sterke meiningane, draumane og fråværet av redsle frå då du var barn. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39
ANNONSE