Trommisen Viljar Losnegård tok med seg heile bandet for å studere i utlandet.

For Viljar Losnegård (20) frå Fjaler var det skulen som var avgjerande då han valde å reise utanlands for å studere.

Med heile bandet
Når eg ikkje er på skulen lagar eg stort sett musikk, og det gjer som regel alle venene mine òg. Men vi reiser ein del ut på pub. Vatnet smakar annleis der, fortel Viljar.

På Liverpool Institute of Performing Arts (LIPA) tek han ein bachelor i utøvande musikk.

LES OGSÅ: Praksis i grenseland

For å få plass på den respekterte skulen måtte Viljar vise kva han var god for på audition i Trondheim. Der spela han saman med bandet sitt, Cloud, for ein jury. Deretter måtte alle gjennom intervju og ei teoriprøve.

– Vi var heldige og alle fem i bandet fekk plass på skulen, fortel Viljar, som har slagverk som hovudinstrument. I tillegg driv han mykje med elektronisk musikkavvikling.

Før Viljar reiste til Liverpool studerte han jazz på Trøndertun folkehøgskule.

– Eg hadde høyrt veldig mykje bra om LIPA. Det er ein skule berre for estetiske fag, med alle fagområda du treng for ein storproduksjon. Her utdannar dei musikarar, dansarar, skodespelarar, scenearbeidarar, produsentar og managerar. Dermed blir kontaktnettet ditt ganske stort i laupet av tre år, seier Viljar.

Og kontaktnett er viktig i musikkbransjen, skal vi tru musikaren.

– Det er heilt avgjerande å ha eit stort kontaktnett i det som kanskje er ein av dei hardaste bransjane som finst. Der går alt på at du må ha kontaktar, vere ein bra fyr, møte opp i tide og vere god til det du driv med, seier han.

LES OGSÅ: Der dyktigheit er meir enn eit tal

Betre kulturforståing, meir studielån
Sjølv om det først og fremst var skulen som var avgjerande når Viljar skulle velje studiestad, ser han ikkje på det som ei ulempe å ta utdanning i utlandet.

– Ein får meir internasjonal forståing, betre kulturforståing og betre kunnskapar i språk.

Samstundes er det ikkje heilt uproblematisk å reise over dammen.

– Økonomisk er det vel ikkje eit sjakktrekk å studere i utlandet, sidan det kostar ein del meir. Eg har òg høyrt at det kan vere vanskelegare å få jobb i Noreg med utanlandsk utdanning, men det gjeld ikkje så mykje i musikkbransjen, trur Viljar.

LES OGSÅ: Uroa over dyre utanlandsgrader

I Liverpool sentrum bur musikkstudenten saman med tre kompisar. Kulturforskjellane er kanskje ikkje dei største mellom England og Noreg, men nokre utfordringar er det likevel.

– Du møter jo på mykje rart når du set foten utanfor trygge Noreg, og det er alltid utfordringar når ein kjem til ein ny plass med forskjellig språk, verdiar, valuta, mat og folk. Men slike ting går seg som regel veldig fort til. Her i Storbritannia er dei veldig opptekne av retorikken du brukar. Viss du ikkje seier "please" i butikken kan du få eit rart blikk, fortel Viljar.

Med utdanning frå LIPA håpar Viljar å komme eit steg nærmare draumen sin.

– Eg vil leve av å gjere det eg likar best. Lage musikk og spele den live, reise mykje og møte folk.

Les meir om utveksling her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE