Den glade mannen med mikrofonen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det som kanskje gleder meg mest her i livet, nest etter kattefilmar på Internett, er folk som innerst inne veit at dei burde oppføre seg profesjonelt og ordentlig, men som lar det vere, og tar heilt av i staden.

Eg såg ein slik mann på torsdag. Og eg smiler framleis.

Det handla om fotball. Det gjer ofte det, sjølv om det hadde vore fint om slikt skjedde oftare på andre område også.

Mannen som gjer at eg framleis smiler var direkte inne i Dagsrevyen på torsdag, ikkje lenge etter at førstedivisjonslaget Hødd frå Ulsteinvik sensasjonelt hadde gått til cupfinalen, for første gong i klubbens historie. Då stod NRKs mann i Ulsteinvik, omgitt av feiring og fest, med dingsar i øyrene og eit stort smil.

Der stod han. Eller stod og stod. Han hoppa litt. Trippa. Han klarte ikkje å halde hovudet i ro. Og det er fullt forståelig. Berre prøv sjølv: Det å stå heilt stille på ein plass der alle andre rører på seg, er like vanskelig som å danse hip hop.

Så der var han, NRKs mann, småhoppande, med alternativ ansiktsfarge, med litt for høg stemme og forvirrande mikrofonføring, med syngande og dansande sunnmøringar på alle kantar. Då han fekk det uunngåelige spørsmålet frå studio om korleis stemninga er i Ulsteinvik akkurat no, då ropte vår mann:

«Det heiter ikkje Ulsteinvik her no, det heiter Gullsteinvik!»

Og då kan du sjølvsagt velje å påpeike at dette ordspelet er litt upresist, sidan Hødd frå Ulsteinvik slett ikkje har tatt gull i noko som helst. Dei gjekk berre vidare til cupfinalen. Der dei kanskje kan komme til å ta gull. Men sannsynligvis ikkje, sidan finalemotstandar Tromsø nøkternt vurdert er eit betre lag.

Du kan sjølvsagt velje å reagere slik. Viss du vil.

Men ærlig talt: Mannen kunne jo ikkje godt sagt: «Det heiter ikkje Ulsteinvik her no, det heiter Iverstefallsølvsteinvik!»

Du kan jo ikkje seie slikt. I alle fall ikkje dersom du skal vere med på festen. Og denne mannen hadde bestemt seg for å vere med på festen. Det var heilt tydelig. Og det liker eg.

Det finst folk som opplever storhendingar heile tida og ikkje lar seg vippe av pinnen. Det finst kollegaer av denne mannen som ikkje lar seg forstyrre av at historie skjer.

«Så du er Barack Obama, so what?»
«Jaha? Tidenes yngste statsråd, skal det liksom imponere meg?»

Ikkje slik med vår mann i Ulsteinvik. Han smilte vidare. Han intervjua ein hås mann. Han peikte på folk som song og sa, litt for høgt: «Sjå her då!». Eg trur til og med han skildra stemninga som trolsk. Noko som er litt pussig. Med mindre troll har begynt å vanke på uteplassar på Sunnmøre, der dei kler seg i blått og drikk pils.

Eg veit ikkje om denne mannen er Hødd-supporter eingong. Sannsynligvis ikkje, han var ikkje sunnmøring. Men det er ikkje det som er poenget. Poenget er at slikt som at Hødd går til cupfinalen, det skjer svært sjeldan. Det har faktisk aldri skjedd før. Det forandrar ikkje verden. Det forandrar ikkje Norge heller. Men det forandrar Ulsteinvik, i alle fall denne eine kvelden. Og viss du då vel å betrakte festen med distanse når det først skjer, ja då er det rett og slett synd på deg.

Eg har sjølv hatt sommarjobb ved eit av NRKs distrikskontor, faktisk i dette distriktet, så eg veit litt om kva eit par månader med nyheitsmeldingar om fylkesordførarar og lakseparasittar kan gjere med eit menneske. Du får lyst til å hoppe og rope etter ei stund.

Du får lyst til å stå på direktesendt fjernsyn og lyse og glise. Og formidle at i kveld er det her det er morsomt. I kveld er det her det skjer. I kveld er det her de skulle ha vore, heile gjengen.

Og det beste med alt: Då direkterapporten var ferdig, så kunne du ane at programleiaren i studio i Oslo var enig. I eit sekund der trur eg at ho tenkte: Det er heilt meiningslaust å stå her no. Det er der eg skulle vore.

I Iverstefallsølvsteinvik.

 

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!