Vi leikar ikkje med diktatorar

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne søndagen har det vore val i Kviterussland. Eller, val er feil ord å bruke om den regisserte framsyninga som Alexander Lukashenko gjennomførte i helga. Han er nemleg Europa sin siste diktator, og landet han styrer er alt anna enn eit demokrati. Spenninga mellom Kviterussland og omverda er spent; Sverige sin ambassadør vart kasta ut etter at ei gruppe aksjonistar «teddybjørnbomba» (teddybjørnar med eit politisk bodskap i fallskjerm) av Minsk, medan Noreg på si side roa ned kritikken for å inngå ein gunstig frihandelsavtale med Kviterussland og storebror Russland. Noreg får stadig nye sjansar til å vise avstand til diktaturet og seie at menneskerettsbrot ikkje blir aksepterte, men vi grip dei ikkje. I 2014 er Kviterussland vertsnasjon for VM i is-hockey. Vi nordmenn er demokratar til ryggmargen, og viss vi meiner alvorleg at vi ikkje skal leike demokrati, så kan vi heller ikkje spele hockey med ein diktator.

Ein boikott av eit idrettsarrangement vart brukt under OL i Moskva i 1980 etter at Sovjetunionen hadde invadert Afghanistan. Den gongen stod 65 nasjonar samla om å stå utanfor meisterskapen, eit kraftig signal som viste at Sovjetunionen si framferd ikkje var akseptabel. Situasjonen i Kviterussland blir stadig forverra, og vi kan ikkje lenger kalle den akseptabel; under «valet» i 2010 blei store delar av opposisjonen sin leiarskap fengsla, inflasjonen aukar og Lukashenko styrer landet gjennom eit stadig hardare jerngrep. Opposisjonen er så lei av falske val at dei brukar aktiv boikott som verkemiddel. Då burde Noreg òg boikotte på ein arena der det garantert vil bli lagt merke til!

Innbyggjarane i Kviterussland fekk beskjed om å koke suppe og plukke sopp heller enn å delta i valet. Personleg er det ikkje viktig for meg om landslaget i is-hockey gjer akkurat det – poenget er berre at Noreg bør gjere det vi kan for at laget skal spele VM i 2014 ein annan stad enn i Kviterussland. I staden for å gje ein diktator endå ein muligheit til å proklamere seg sjølv gjennom propaganda, så kan vi sende sterke signal om at menneskerettsbrot ikkje er greitt. Framfor alt kan vi vise at for oss er menneskerettar viktigare enn både profitt og idrettsarrangement. Noreg bør få ei klår kritisk røyst til den kritiske menneskerettssituasjonen i Kviterussland, og vi bør presse på for å få flytta VM i is-hockey til ein annan stad.

Noreg treng eit verdiskifte i utanrikspolitikken – som set rettar framfor næringsinteresser og handelsavtalar. Fram til dette skjer får kvar einskild engasjere oss på dei måtane vi kan. Eg oppmodar til å bruke eit minutt på denne saka. Du kan til dømes laste opp eit bilete av teddybjørnen din på twitter med merkinga «#teddybearsforafreebelarus» eller signer kampanjen om hockey-VM på www.minsk.no. Dette er små og uskuldige tiltak som står opp for vårt medmenneske som blir fengsla om dei gjer det same. Det er ekkelt å ta innover seg at diktaturet som behandlar dei slik ikkje er meir enn ei to-timars flyreise borte.