Norske ekspressbussar opplever nedgang i passasjertala. Forklaringa er konkurranse frå fly og betre råd for folk flest.

NPK-NTB
NPK-NTB

 

Etter ein sterk vekst mellom 2003 og 2007 har norske ekspressbussar opplevd stagnasjon eller nedgang i trafikken dei siste åra, viser tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

– Fleire ekspressbusslinjer der endepunkttrafikken tidlegare har vore viktig, har no fått kommersiell flytransport, seier Jørgen Aahaug, forskar ved TØI til Nationen.

Tidlegare har ekspressbussane teke den delen av kundane som har låg betalingsvilje og ikkje kjøper flybillettar i ein vanleg flymarknad.

– No har Norwegian pressa flybillettprisane såpass langt ned at dei gruppene som tidlegare har teke ekspressbussen for å spare pengar, vel å fly i staden, seier Aahaug.

Han legg til at det er ekspressbusslinjene som går mellom byar på Austlandet og Vestlandet som har fått direkte flyruter, som har fått størst konkurranse frå fly. Det generelt velstandsnivået i Noreg talar også imot ekspressbussen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39
ANNONSE