Moderne ulvetider

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 7. september var ein dyster dag på garden til Nini og Borge Lauten i Åsnes i Hedmark. På natta hadde ulven herja vilt i saueflokken som var inngjerda rett utom tunet. Sju dyr var rivne i hel, sju var skambitne og måtte avlivast, tre lam var borte. Det eine lammet låg daudt rett innom gjerdet, under tjue meter frå inngangsdøra.

– Først trur du ikkje det du ser. Så blir du sint og fortvila, og så blir du heilt apatisk. Det er utruleg at noko slikt kan skje så tett på husa, seier Nini Lauten.

– Merkeleg nok hadde vi ikkje høyrt noko om natta, men soverommet ligg på andre sida av huset. Hunden hadde ikkje reagert heller.

Det vart fort klart kva dyr som hadde herja på garden. Ulven har ein attkjenneleg måte å drepe sau på.

Les òg: Valde sauepass føre studierelevant jobb

– Først høgg han dei i låret for å stogge dei, så bit han dei i nakken. Det eine lammet var det berre beingrinda att av. Ein skalle vart funnen att ein kilometer borte.

Spora tyda på at det var minst to ulvar som hadde gått til åtak. Garden til Lauten-familien ligg på Sønsterud, som verkar som ein usannsynleg stad for eit ulveåtak. Dette er slett ikkje i villmarka: Det er andre gardar, vegar og opne jorde på alle kantar. Spora synte at ulvane truleg hadde kome nordfrå, kryssa fylkesveg 455 og gått gjennom ein potetåker like ved ein nabogard før dei gjekk til åtak. Det er òg straumgjerde kring sauene, men det stogga ikkje ulven. Gjerdet er under meteren høgt.

Les òg: Senterpartiet vil ha fri ulvejakt

– Vi trudde ikkje vi trong noko rovdyrsikkert gjerde her tett ved husa. Noko slikt som dette har vi aldri opplevd før, seier Nini

Lauten. Ho har vakse opp på garden og tok over drifta med ektemannen på 1980-talet. Dei har kring 170 vinterfôra sauer. Tidlegare har sauebøndene i området hatt ein del tap på grunn av gaupe, men i dei siste åra har ulve­bestanden i Åsnes auka monaleg.

– Da vi byrja med sau, visste vi det kunne vere problem med rovdyr, men vi tenkte det var rom for båe delar, seier Lauten. Ho kjenner seg motlaus og har liten tillit til rovdyrpolitikken.

– Den heng ikkje på greip. Stortinget seier at ein skal kunne ha både beitedrift og rovdyr, men det går ikkje. Det kjennest som om bodskapen er at vi eigentleg burde slutte med denne gardsdrifta.

Les saka i Dag og Tid!