Fleire elevar og færre lærartimar
Samstundes som fleire og fleire elevar går i klassar med meir enn 20 elevar, går talet på lærartimar ned.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein oversikt Utdanningsforbundet har laga for Dagsavisen om utviklinga i dei ti største kommunane dei fem siste åra, viser at på drygt ti år er omfanget av store elevgrupper i praksis tredobla. I 2001 vart ein av ti elevar undervist i grupper på 20 elevar eller meir. I fjor gjaldt dette kvar fjerde elev.
Samstundes viser tala at spesialundervisning tek ein stadig større del av kaka. Dei mellom 7 og 8 prosentane av elevane som får spesialundervisning, legg beslag på opptil 20 prosent av lærartimane.
Det blir brukt mindre pengar på undervisning for heile klassen, slår Utdanningsforbundet fast.
– Dette viser det vi alt har peikt på, nemleg at vi treng ei lovendring som sikrar fleire lærarar i skulen, seier forbundsleiar Mimi Bjerkestrand. (©NPK)