Rapporten som Organisasjonen for samarbeid og utvikling (OECD) la fram onsdag, viser at nivået på landbrukssubsidiar nesten er halvert dei siste 30 åra.
Landbruksstøtta i OECD-landa er no på eit historisk lågmål.
Det har vore nedgang også i Noreg, men norske bønder er altså dei som får den største delen av inntekta si i form av subsidiar, skriv Nationen.
QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?
Landbruksstøtta utgjorde 60 prosent av inntekta i åra 2009 til 2011. OECD konstaterer at det trengst større innsats for å redusere delen produksjonstilknytt støtte og auke marknadstilgangen.
Dei einaste landa som har auka subsidiane er Sør-Korea og Israel. Sør-koreanske bønder er òg blant dei mest subsidierte i verda, og får halvparten av inntektene sine frå staten.
Bør bøndene i Noreg få endå meir i landbruksstøtte?