Himmelen kan vente

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Litt forferdeleg, eigentleg

– Kor mange her bruker belte i bil?

Eit hav av hender stikk i vêret.

– Kor mange brukar belte i buss?

Berre eit fåtal av fyrsteårselevane ved Gol vidaregåande skule rekk opp handa.

Dei sit i kantina på skulen, og det er Tommy Haugen som spør. Han er leiar i Buskerud ungdomsgruppe og fylkesstyremedlem i Elevorganisasjonen i Buskerud. Saman med leiaren i Hallingdal Ungdomsråd, Malin Saue Johansen, er han oppteken av å setje fokus på trafikktryggleik. Dette er ei av hovudsakene til ungdomsrådet, som vil ha større merksemd rundt at det faktisk er påbode med belte i buss, så vel som i bil.

LES OGSÅ: Fryktar for livet på bilar utan belte

Spake
Haugen fortel ungdommane om sanksjonar frå politiet, og spør korleis dei ville likt å bruke 1500 kroner på ei bot for ikkje å ha brukt bussbelte. Han understrekar at det ikkje berre er fare for sjølv å bli skadd, men at ein også kan skade andre i ulykker dersom ein ikkje har belte på.

– Funkar det å lage film?

– Ja, eg trur og håpar det. I starten har dei virka litt tullete, men så vart dei meir spake etter å ha sett den, seier han etter å ha vist filmen til i alt 360 elevar i tre puljer.

Sjå videoen her!

Klar bodskap
Opplysingsfilmen vart spelt inn med frivillige skodespelarar på Torpomoen i sommar, i samarbeid med Trafikktryggleik Hallingdal og bussjåførane i dalen.

Etter å ha vist korleis det ser ut inne i ein buss etter ei ulukke, der folk ligg slengt og bevisstlause, og berre ein – han med belte – er tilsynelatande uskadd, er bodskapen klart: «Himmelen kan vente. Bruk setebelte også i buss» står det på skjermen når filmen er ferdig.

– Eg er veldig fornøgd. Det er ein hard punchline, som eg synest treffer bra, seier Haugen.

LES OGSÅ: Bilturen snudde om på livet

Inn i bussane
Korleis var det å sjå filmen?

– Litt forferdeleg, eigentleg, synest Guro Nibstad (16) frå Gol.

– Eg har eigentleg ikkje tenkt over det ein gong, at det er belte i bussane, seier Marita Magnetun (16).

Ingen av dei har brukt belte i buss til no, men det skal endrast.

– Me må prøve å hugse å ta på belte framover, seier jentene, som kjenner seg sikre på at opplysingsfilmen vil gi resultat.

No er målet til Hallingdal Ungdomsråd å få filmen inn i bussane. I tillegg skal den visast på ungdomsskulane i dalen.

– Den blir gitt ut til alle ungdomsråda, og vil bli vist for ungdomsskuleelevane. Jo tidlegare me begynner å skape gode haldningar, jo betre er det, seier Tommy Haugen.

Viktig informasjon: Leiar i Buskerud ungdomsgruppe, Tommy Haugen, og leiar i Hallingdal Ungdomsråd, Malin Saue Johansen, fortalde elevane på Gol vgs. korleis det kan gå dersom ein droppar setebelte i bussen.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!