Den hemmelege hagen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Den hemmelige hagen
Original: The secret garden
Av Frances H. Burnett
Roman, Transit Forlag (2010),
259 sider

Vakker kvinne får stygt barn: barnet var ikkje fødd stygt. Det blei det av kjærleikslengt og avvisning: Den vakre kvinna var fødd vakker. Vakrare blei ho då koloniherren ho gifta seg med var så rik, då han tok henne til India, og gav henne tjenarar for alle funksjonar i livet. Ikkje får ho skjære opp biffen sin sjølv, og ikkje kneppe att korsettet. Ikkje eingong skoa til barnet sitt knyt ho skolissene for. Vesle Missi Mary har nesten bare sett mora si som eit skin av noko søtt og flott; flimrande forbi som glasbilde i ruglete, viktorianske vindauger. Ja, dette siste er ikkje eit sitat frå boka. Det er eg som ser føre meg den viktorianske arkitekturen, moten, interiøret:

The secret garden kom ut første gongen in 1911. Forfatter Burnett (1849 – 1924) var då allereie ein berømt forfattar, skriv Leif Høghaug. Høghaug er sjølv forfattar, og redaktør for Bokvennen Forlag, og vender seg i dette etterordet til vaksne lesarar. Eg trur ikkje at det er meint å vere til ein vaksen som les høgt for barn. For meg er denne boka laga for å lese sjølv; av gode barnelesarar – men også av vaksne. Den hemmelige hagen er "allalderbok". Ho er skrive på barn sine premiss fordi det er eit barns perspektiv på ting. Sjølv barnets nyfikenheit og openheit er i teksten som ein kraft og ein leikenheit. Men ho er også ei avansert bok språkleg sett. Denne siste utgåva av klassikaren er lenger enn den førre norske utgåva. Det bidrar óg til å gjere henne meir for ein smart lesar. Og i og med avstanden i tid og rom, er det for ein norsk lesar også avansert litteratur på innhaldsplanet.

På den tida; rett før og under førre århundreskifte, og på den plassen; i det originale og utvida England; i Storbrittania og i koloniane deira:
I den tida og på den staden betyr klasse, konvensjon og konformitet mykje. Hovudpersonen Mary Burnett blir fostra opp av tenarar. Når mora døyr, har ho nesten ikkje sett mora. Og når ho då blir frakta frå India til ein slektning i Yorkshire, blir Mary nesten hjelpelaus: Det verste er ikkje at ho ikkje kan knyte skoa sine eller smøre brødskiva si sjølv. Ho kan ikkje snakke med folk. Språket hennar strekk ikkje til verken som form, innhald eller haldning: Heller enn å opprette kontakt og få venner, skjeller Missi Mary folk ut, skyv dei frå seg.

Slik handlar boka om språkets unike posisjon i livet; som det som skaper oss som menneske, som bygger identitet og er med på å gjere oss til den vi er: Som vi tenkjer, er vi. Som vi snakkar og verkar utanpå, blir vi møtt av andre. Den hemmelige hagen er eit språkprosjekt. Det peiker på dei ulike måtane å bruke språket:

Den frekke overkassejenta: "Hvorfor kommer du?" sa hun til kvinnen, som hun ikke kjente. "Det er ikke deg jeg vil ha. Send ayahen min hit"
Overklasseengelsk: "Et sørgelig uskjønt barn," sa fru Crawford medlidende etterpå. "Og tenk, moren som var så nydelig. Og så vinnende også, mens Mary har det mest utiltalende vesen jeg noen gang har sett hos et barn. Barna kaller henne Missi Mary plent kontrari", og visst er det stygt av dem, men man kan jo ikke unngå å forstå det".
Og desse barnas rimleik, som er både enerverande og irriterande, og fengande og noko ein vil vere ein del av: Missi Mary, plent kontrari/ hva vokser i hagen din?/ Jo, bjeller små, og skjell, og så/ kanskje en kvist jasmin.
Det framandgjerande språket, det som tilhøyrer "dei andre": Vrantnere unge har jeg nå aldri sett," tenkte fru Medlock.
Den pedagogiske forteljaren, som sett minikurs i språk i parantes: (Vranten er et ord de bruker der fru Medlock kom fra; det betyr gretten, vanskelig eller kanskje bortskjemt).
Den folkelege bondekaren: Ben: Hvis-n gå på haneben, så ha-n vel fønni seg ei lita rødkjelkmadam som høld tel innimilla dom gamle rosebuska der.

Det handlar om språk på detaljplanet. Forteljinga er for meg ein allegori (eit bilde) på litteraturens plass i barnets liv. Litteraturen er barnets løynte og livgivande hage. Bøkene kan vere barnets heilt eigne stad, ein stad bare ho har nøkkelen til. Under dyna, med boka og lommelykta, utan at foreldre eller formyndarar veit om det, kan barnet bytte ut tidleg tvangs-legging med spennande og lærerik lesing. I den løynte hagen av blomstrande historier og knallfarga karakterar, lærer barnet om livet – aleine og på eigne premiss. Difor er det viktig at barn les god litteratur. Og du skjønner vel allereie at Den hemmelige hagen er god litteratur: Ei stor historie, den om kolonimakta til England, blir fortald gjennom ei lita historie. Den om Missi Mary. Ein har dei gode metaforane, dei som barn sjølv får oppdage. Og ein har eit medvit om språket. Men eg har ei kjensle av at det språklege aspektet er vanskeleg å oversetje. Eg merker det først som ei magekjensle: Det kjennest rart. Du ska itte rote med detti og stikke nesa di nån stan som–n itte høre tel; Eg brukar lang tid til å lese dette. Det framstår snodig på meg. Kanskje er det bare fordi eg er vestlending og hedmarking. Det handlar om geografi. På engelsk handlar det meir om sosial klasse. Sosiolektar, heiter det, når ein kan måle økonomisk situasjon på korleis folk bruker språket. Forfina og intrikat overklasseengelsk lar seg vanskeleg oversetje til norsk. plent kontrari; når seier ein det i Noreg? For meg verkar det meir distraherande enn givande. Eg irriterar meg for mykje over at det ikkje fungerar, til at eg kan setje pris på det gode. Og det er ikkje noko eg kan bli vant til.

Men heldigvis treng eg ikkje å bli vant til det. Når Missi Mary kjem seg inn i den løynde hagen, blir verda rundt fjernare. Konvensjonar, sosiale reglar, sosiolektar betyr mindre. Barnets intuisjon blir den nye verda, det verkelege litterære universet. Og der er det knapt plass til klasseforskjellar. Frå Missi Mary kjem inn i hagen, vidar historia seg ut. Eg skal ikkje røpe handlingsgangen, men bare tilrå å gå inn dit med henne. Heller enn å gi bort slutten av boka, sluttar eg meldinga med ei note om nyutgåver av klassikarar:

Transit er ikkje aleine om å gi ut klassikarar for barn og ungdom på nytt. Eit amerikansk forlag gir ut denne, og bøker som Wuthering Heights av Bronté. Omslaga er glansa og i sterke fargar. Ungdommane på bilda har klede og hårstil som frå her og no. Med å appellere til noko gjenkjenneleg, hipt og populært, har desse bøkene faktisk blitt ganske populære. Men i ei undersøking viser det seg at ungdom går lei også dei utgåvene, og plukkar med seg dei gamle, klassiske, ofte overdådig blomstrete bøkene. Transits bokdesignar har skjønt denne greia, og har gjort denne serien av ungdomsklassikarar varm. To tonar av jordfargar for kvart omslag, og strieaktig prega omslag gjer bøkene særskilte. Dei er på same tid enkle, men også eksklusive og tydelegvis påkosta. Ikkje minimalistiske, men heller ikkje barokke, overlessa. Eg tilrår alle til å samle denne serien, og begynn gjerne med Den hemmelige hagen.

LES MELDINGA I MAGASINETT!