Alvorleg sårbarheit i Internet Explorer
Sikkerheitshol i Internet Explorer gjer at hackarar kan infisere PC-en din. Det finst ennå inga oppdatering for sårbarheita.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Kan infisere pcen din
Sårbarheita i programmet inneber at kriminelle kan infisere PC-ane til vanlege brukarar, for eksempel for å stele informasjon. Tilfellet er like alvorleg som den nyleg omtalte Java-sårbarheita. Sikkerheitshola gjeld alle versjonar av Internet Explorer, utanom IE 10, ifølgje Nasjonalt tryggingsorgan.
Det finst ingen oppdatering for denne sårbarheita ennå, noko som kan gjere det lett å infisere datamaskiner. Det er no lagt ut verktøy på internett som utnyttar sikkerheitshola. Sårbarheita blir allereie brukt i både generelle og målretta angrep, og det er stor fare for at mange kan bli infiserte.
Norcert i Nasjonalt tryggingsorgan kjenner til at sårbarheita også blir brukt i målretta angrep der vanlege databrukarar får tilsendt falske e-postar med lenker som fører vidare til nettstader med virus.
Dei rår folk til å vurdere alternative nettlesarar fram til situasjonen rundt Internet Explorer er avklart. (©NPK)