I kø for Maria Parr i Berlin

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var reine Patti Smith-tilstandar, fortel redaktør i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, som var med Maria Parr til den internasjonale litteraturfestivalen i den tyske hovudstaden sist veke. Born og unge stod i lange køar for å få autografen til Maria Parr.

Totalt pleier kring 13.000 born og unge å vera med på ulike arrangement på festivalen. Maria Parr deltok både på skulebesøk, paneldebatt og autografsignering og fleire andre arrangement.

– Ho møtte ein klasse som hadde jobba med Vaffelhjarte i to dagar på førehand. Klassen kom frå eit område med mange innvandrarar, og dei hadde brukt boka fordi dei då òg kunne laga mat. Dei hadde jobba veldig godt med boka. Til forskjell frå mange skulebesøk i Noreg, hadde desse elevane lese boka på førehand, fortel Trohaug.

Mellom spørsmåla til elevane var kvifor den tyske tittelen på boka er ” Sommersprossen auf den Knien” – frekner på knea – når boka eigentleg er ei vinterbok.

Stor stjerne
Tonje Glimmerdal er seld i 32.000 eksemplar. Trohaug spurde den tyske utgjevaren om kva som er ein barneboksuksess i Tyskland. 10.000 selde bøker fekk ho til svar. Tone Glimmerdal er dermed ein stor suksess.

– Frau Parr er stor stjerne, held Trohaug fram.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?

Inspirert
Maria Parr og Ragnfrid Trohaug fekk òg møta ungdommar frå Berlin litteraturinitiativ. Det er ein stad der born og unge får koma og lesa bøker og snakka om dei etterpå.

– Det var vanvittig bra og ei stor oppleving å vera med på, fortel Ragnfrid Trohaug.

– Då eg nemnde "Prison Island", den tyske utgåva av fengsla av Hilde Kvalvaag, at det var ei bok dei kunne sjå på, kunne leiaren av litteraturinitiativet fortelje at den boka hadde dei nettopp lese, og dei var kjempebegeistra.

Faktaboks

MARIA PARR
• Fødd 1981 i Vanylven på Sunnmøre
• Forfattar og lektor
• Debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte
• Barneboka Tonje Glimmerdal kom ut i 2009
• Tildelt ei rekkje prisar

Les meir Allkunne.no!