9.500 mindreårige har delt nakenbilete av seg sjølv

Fersk undersøking avslører mobil- og mediebruken til ungdom.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange unge deler nakenbilete

Berre på eitt år har 9.500 tenåringar mellom 13 og 16 år sendt nakenbilete av seg sjølv via internett eller mobiltelefon, viser ei kartlegging av mobil- og mediebruken til barn og ungdom.

Undersøkinga som Sentio Research har gjennomført for Medietilsynet, blir lagt fram førstkomande onsdag. Aftenposten har likevel kjennskap til innhaldet, og skriv måndag at 5 prosent av barna i alderen 13 til 16 år har sendt nakenbilete av seg sjølv via mobil eller internett det siste året. Auken er eitt prosentpoeng frå førre undersøking i 2010.

LES OGSÅ: Deler nakenbilete på Instagram

I undersøkinga Barn og medium 2012 framgår det vidare at 34 prosent, eller kvar tredje i aldersgruppa 13-16, har brukt internett til å sjå på nettsider med seksuelt/pornografisk materiale.

Rundt 2.000 barn deltok i undersøkinga der berre barna over 13 år svarte på spørsmål om seksuelle opplevingar. (©NPK)