Arnstad positiv til ferjefri E39

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Positiv til ferjefri E39

– Dette er eit viktig prosjekt, uttalte samferdselsminister Marit Arnstad på «Ferjefri E39»-konferansen i Molde.

Trass ein prislapp på over 100 milliardar var samferdselsminister Marit Arnstad positiv til «Ferjefri E39». Ho håpar strekninga kan bli meir ferjefri etter kvart, ifølgje NRK Møre og Romsdal:

– Dette prosjektet er stort og viktig for næringsliv og folk på både Vestlandet og nasjonalt, kommenterte Arnstad til NRK.no.

LES OGSÅ:  Slik kan Vestlandet bli ferjefritt 

Ho er framleis ny i prosjektet, men merkar allereie trykket.

– Vi er på ein måte i gang allereie når det gjeld fornyinga av E39. Opninga av Kvivsvegen no seinare i september er eit eksempel på det. Det kjem også nye store prosjekt.

Arnstad er i tillegg open for å sjå på heile E39 langs Vestlandet som éin pakke.

– Vestlandet dominerer norsk eksport med ein del på over 40 prosent av den totale handelseksporten frå Noreg. Varene som blir frakta ut i verda må kome fram på best og raskast mogleg vis.

LES OGSÅ: Brua som lagar grøn energi

Arnstad legg stor vekt på pendling og bu- og arbeidsmarknadsområde, men også på behova til næringslivet.

– Behova er ulike i ulike delar av landet, men målet mitt er å få til ein Nasjonal Transportplan der ein ser transportbehov og transportsystem i samanheng for heile Noreg, sa Arnstad til NRK Møre og Romsdal. (©NPK)