Kon-Tiki er Oscar-kandidaten vår

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulle filmen om den fantastiske flåteferda til Thor Heyerdahl i 1947 ende opp som vinnar av kategorien «Beste framandspråklege film», vil eventyraren ha sørgd for to Oscar-statuettar til Noreg. Originalfilmen frå Kon-Tiki-ferda blei kåra til beste dokumentarfilm i 1951 og vann det som lenge var den einaste prisen til Noreg i den mest prestisjetunge kåringa i filmverda.

2012-versjonen av det som skjedde er ein fiksjonsfilm basert på ekspedisjonen til Heyerdahl. Sidan premieren for tre veker sidan, har rundt 600.000 sett filmen, og det har vore til dels heftig diskusjon om filmen er ærleg nok og korleis særleg ekspedisjonsmedlemmen Herman Watzinger framstillast. Watzinger var nestkommanderande på flåten, og filmskaparane har brukt denne rollefiguren for å byggje opp ein konflikt om prosjektet. Konflikten mellom Heyerdahl og Watzinger har ikkje rot i verkelegheita, men er eit rent dramaturgisk grep.

LES OGSÅ: Rekord for Kon-Tiki

Den neste Oscar-utdelinga, den 84. i rekkja, finn stad i Dolby Theatre i Hollywood 24. februar neste år. Dei endelege nominasjonane blir offentleggjort i slutten av februar. (©NPK)

Les siste filmnytt her!

Kva for ein av årets filmar meiner du fortener Oscar?