Så sto eg her igjen. På eit tomt soverom med to overvektige koffertar, ein flybillett til eit framandt land og kamera med tom minnebrikke ståande klart i vindfanget, saman med ein ny start.

 

Korleis kom eg meg hit? Kva skjedde med planen om å studere juss ved universitetet i Bergen? Kva skjedde med å reise heim til familien annankvar helg? Kva skjedde med avtalane om å møte gamle vener på kafé i byen kvar måndag? Kva skjedde med fårikål og kjøttkaker? Kva skjedde med P3 og fisketorget? Vel, det skal ein tur til London, klikk innom nettstader til hjelpeorganisasjonar for studiesøkande og ”tenk om” samtalar over ein tekopp ha skulda for. For når den kjende kriblinga i magen av det freistande uvisse kom måtte eg berre innsjå at det ikkje var min tur til å ta studieturen over dei sju fjell.

Nå ventar tre år ved universitetet Royal Holloway i Surrey, som ligg 40 minutt unna London. Her skal eg studere internasjonale relasjonar og filosofi saman med nesten 9000 andre studentar frå heile verda. Det har vore fem hektiske månadar med førebuingar, vanskelege val og frustrerande søkeprosessar, men det har og vore fem månadar med spenning, forventning og gledeshyl over at eg har kome inn på den skulen eg ville. Her er mine siste månadar i fem trinn:

1. Val av organisasjon.
Det er veldig greitt å ha ein norsk organisasjon i ryggen når du skal inn i ein labyrint av ein søknadsprosess, som i tillegg er merka på eit framandt språk. Dei fleste organisasjonar, som Sonor og Across the pond, har ulike universitet som dei samarbeider med. Eg klarte sjølvsagt ikkje å bestemme meg for kva universitet eg likte best, og kontakta fleire organisasjonar. Til slutt falt valet på Sonor, som var utruleg hjelpsame og fleksible med tanke på val av universitet.

2. Søke gjennom UCAS
Å søke gjennom UCAS, som er England sitt svar på Samordna opptak, er ein heil historie for seg sjølv. Ein historie eg skal fortelja seinare. Før ein kjem så langt må ein først ha det klart føre seg kvar ein har lyst til å søkje seg til. Korleis vel ein kvar ein skal studere dei neste tre åra når ein ikkje eingong har besøkt eit engelsk universitet tidligare? Vel, då les ein liste opp og liste ned med evalueringar av dei ulike universiteta. Ein prøver å finne universitetet med dei beste biblioteka, dei flinkaste forelesarane, kjekkaste klubbane, beste tilboda, mest interessante nærområda, finaste bygningar, mest lærerike studieretningar og ei atmosfære som er mest ”deg”. Når eg til slutt blei så desperat at eg starta å sjekke kor ofte plenane blei klipte fann eg ut at eg berre måtte bestemme meg for ein av dei. Sanninga er at eg truleg kunne gått på alle universiteta som eg vurderte og hatt det heilt fantastisk.

3. Søke om stipend og lån
Det er ingen hemmelegheit at det å studere i utlandet kan bli dyrt, men eg håpar og trur at den erfaringa og kunnskapen eg kjem heim med veg opp for studielånet. Så snart ein får dei nødvendige dokumenta frå universitetet kan ein søke til lånekassa om stipend og lån. Ulikt frå dei norske studentane får utanlandsstudentar pengane utdelt to gonger i året.

4. Søke om hybel
Ein av fordelane ved å studere i England er at dei fleste utanlandsstudentar får seg ein hybel på campus for det første året. Her kan ein velje om ein vil lage maten sjølve eller om ein vil få servert mat, om ein vil dele bad med andre eller ha sitt eige og om ein ynskjer å bu i eit bufellesskap saman med begge kjønn eller ikkje.

5.  Skaffe forsikring
I tjue år har eg krusa rundt på goda av foreldra mine sine forsikringar, men som utanlandsstudent måtte eg får første gong skaffe meg studentforsikring. Dette høyrest kanskje lettvindt ut, men når forsikringa føreset at ein er medlem av NAV-utland, og NAV-kontoret ikkje veit kva NAV-utland er så dei set meg over til nokon som set meg over til nokon som set meg over til nokon som… Ja, då tek dette også tid og energi.

Og nå som eg står her med billetten i handa og ei prikkande kjensle i magen av tanken på at eg ikkje skal vakne til familien sine bråkande morgonritual lengre slår det meg at frå og med i dag kjem alt til å bli annleis.

 

Les meir på sidene våre om utveksling og studier og jobb i utlandet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE