Leikne delfinar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Eg fekk auge på dei i dag tidleg, men først trudde me det var niser, fortel Yngve Øvretveit frå Sunde.

Han jobbar på oppdrettslokaliteten Skorpo nær Tysnes (altså ikkje Skorpo ved Uskedalen), saman med kollegaane Knut Halvor Kaldestad frå Sunde og Alexander Skorpen frå Os.

– Utover dagen såg me nærare på det me først trudde var niser og skjøna at det var delfinar. Då tok vi ut med båt og straks kom delfinane og leika seg kloss i båten medan me køyrde.

Bilda er tatt med mobiltelefon av dei tre kollegaane, noko som fortel sitt om kor nær dei leikne delfinane var.

Sjå bilete: Delfinar i Husnesfjorden

– Dei er her framleis. Det var ei fantastisk oppleving å køyra båt saman med dei to delfinane, fortel Øvretveit i 13-tida tysdag ettermiddag.

Les saka i Kvinnheringen!