Erna Solberg vs Lady Gaga

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Fans er søte. Fans gløymer seg sjølve og fornufta og den kritiske sansen. Det er fint å gløyme fornufta av og til. Når fans er på konsert med favoritten sin, er alt fantastisk. Favoritten er den største, vakraste og mest geniale som har levd. Fansen veit sjølvsagt at dette ikkje er sant. Dei er ikkje dumme, dei skrur berre av fornufta i ein periode. Og nokre år seinare, eller nokre månader, eller i nokre tilfelle dagen etter, skammar dei seg eller ler unnskyldande. Men der og då er all kritisk sans borte. Det er søtt. Og fint.

I det siste har eg høyrt og sett fleire intervju med norske politikarar som er i USA og følgjer landsmøta til republikanarane og demokratane. Dei norske politikarane er sjølvsagt ikkje ukritiske, dei er trass alt vaksne folk, men likevel: Dei er der som fans. Dei snakkar litt for fort og pustar litt for mykje. Dei har høyrbart store auge når dei snakkar om det dei har opplevd, om talar frå presidentar, eks-presidentar og førstedamer. Erna Solberg sa til og med i eit intervju at ho skulle ønske at ho kunne bruke dei same effektane som amerikanarane. Men det har vi ikkje råd til, sa ho. Som om det var det som var grunnen.

Den eigentlige grunnen til at Erna Solberg ikkje kan bruke dei same effektane som amerikanarane, er sjølvsagt at Erna Solberg er Erna Solberg. Det er akkurat som når ein norsk artist går på konsert med Lady Gaga. Den norske artisten veit at ho aldri kan gjere det som Lady Gaga gjer. Ikkje fordi ho ikkje er stor nok eller rik nok, men fordi ho ikkje er Lady Gaga. 

Lady Gaga kan krype på alle fire i ein kjole laga av lyspærer. Den norske artisten ser på, med store auge, men tenker: Det der kunne eg aldri gjort. Dersom eg kraup på alle fire i ein kjole laga av lyspærer, så ville eg tenkt: No kryp eg på alle fire i ein kjole laga av lyspærer. Slikt viser. Og det er heile forskjellen. Ein person som kryp på alle fire i ein lyspærekjole og tenker på kva ho driv med, ser teit ut. Ein person som kryp på alle fire i ein lyspærekjole som om det var det mest sjølvsagte i verden, ser kul ut.

Det er derfor eg håper også norske politikarar koplar ut fornufta av og til. Ikkje fordi eg har lyst til å sjå Erna Solberg krype på alle fire i ein lyspærekjole (sjølv om det utvilsamt ville friska opp den norske valkampen), men fordi fans er søte. 

Eg håper (og trur, må eg innrømme) at etter ein dag med begeistra talar om den amerikanske draumen og jubel og kasting av hattar, etter ein rusletur fordi bodene som sel suvenirar og Obama-buttons, når den norske politikaren kjem tilbake til hotellet sitt og sjekkar norske nettaviser og ser at kollegaene der heime diskuterer ulv og om det er for mykje høne i kalkunfiletane, då slår den norske politikaren av laptopen og går bort til vindauget. Ho kikar ut i mørket og ser plutselig for seg eit folkehav. Og så begynner ho å snakke, høgt i det tomme hotellrommet. «Eg vil ikkje snakke om ulv,» seier ho. «Eg vil snakke om draumen. Draumen om ein betre stad, eit betre liv. Draumen som eg veit kan bli verkelig. For eg har sjølv levd denne draumen. Eg er denne draumen.» Og så kjem familien inn. Folk reiser seg. Familien vinkar og smiler. Ikkje på ein keitete måte. Heilt naturlig. Som om dei aldri har gjort anna. Så klemmer alle kvarandre, heilt utan å tenke på at tjue tusen ser på. Ikkje noko å mase med. Ingenting ser innøvd ut. Ingenting ser feil ut. Så eit sjarmerande smil og eit blunk til nokon i mengda.

Det varer nok berre nokre sekund, så er den norske politikaren tilbake, åleine på eit hotellrom med utsikt mot mørke. Men det er fine sekund.

Og så er det i seng. Og på med telefonen, i tilfelle nokon ringer frå Norge i løpet av natta for å spørje kva politikaren tenker om at det er ganske mykje høne i kalkunfileten.  

Stod først på trykk i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!