Norsk gassmotor til USA
Ein gassmotor frå Rolls-Royce Bergen Engines på Hordvikneset er no godkjent for den amerikanske marknaden.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gassmotoren reduserer drivstofforbruket, minimerer skadelege metanutslepp og møter dei nye internasjonale miljøkrava som trer i kraft i 2016, ifølgje ei pressemelding frå Rolls-Royce.
C-motoren er allereie godt etablert i den europeiske marknaden og installert om bord i både bil- og passasjerferjer, i offshorefartøy, og taubåtar.
I Noreg finst motoren i til dømes den største gassferja i verda Boknafjord, offshorebåtane Island Crusader og Island Contender, og i dei gassdrivne taubåtane som skal i drift for Statoil på Kårstøanlegget.
I den amerikanske marknaden satsar Rolls-Royce på å selje motorane inn mot tugbåtar, ferjer, kystfartøy og offshore fartøy. Motoren er også høveleg for fiskefartøy. (©NPK)
Les òg: CO2-utsleppa går ned i USA