– Ikkje nytt paradigme

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste oppdaginga til Kepler-romskipet så langt var Kepler-47, som gjorde det klart at to ulike planetarkan kretse ikring to ulike soler.

Framtida.no stilte Håkon Dahle, forskar ved Institutt for Teoretisk Astrofysikk på UiO, nokre spørsmål:

Kvifor er denne oppdaginga så viktig?

– Oppdagingar som denne er viktig fordi ho utfordrer modellane vi har i dag for danninga av planetsystem. 

Er dette starten på eit nytt paradigme, som forskarar som Greg Laughlin frå University of California ser ut til å tru?

– Før ein byrja å oppdage planetarikring andre stjerner hadde ein teoriarforkorleis planetarvert danna som var skreddarsyddfor å forklare planetsystem som liknar på vårt eige.

– Etterkvart som ein har oppdaga fleire og flere planetsystem ikring andre stjerner har ein òg funne fleire og fleire system som er heilt annleis enn vårt eige solsystem. Så teoriane har heile tida vorte utfordra og endra, og det har vel ikkje eigentleg etablert seg eit nytt "paradigme"som har erstatta det gamle. Den siste oppdaginga er nok eit eksempel som gjev nye utfordringarfor teoretikarane som prøver å lage modellar for danninga av planetsystem. 

Les òg: NASA finn nye planetar

Kepler-romskipet er eit amerikansk romfartsobservatorium, den rombaserte delen av NASA sitt Kepler-oppdrag, som har som mål å finne planetar som vår eigen som går i bane kring andre stjerner.

Så langt har 77 nye planetar vorte oppdaga, såkalla Kepler-planetar. 

Prøv quizen vår om verdsrommet her!