«Barndom» var temaet for Litteraturdagane i Vinje i helga, og vinnar av Tarjei Vesaas’ debutantpris, Line Undrum Mariussen, var ei av mange som bergtok publikum.

Randi Berdal Hagen, VTB.no
Randi Berdal Hagen, VTB.no

Eit fast innslag på Litteraturdagane i Vinje er ei samtale med utvalde debutantar. Laurdag hadde Stein Versto fått med seg to kritikarroste debutantar på kvart sitt felt: Lina Undrum Mariussen (32) frå Elverum, som debuterte med diktsamlinga «Finne deg inne og hente deg ut» i fjor, og Kari Smeland (28) frå Kviteseid som kom ut med barneboka «Familien Kråkestup og nyset i nabohuset» i vår.

 Mariussens bok, som gav ho Tarjei Vesaas debutantpris, er ei skildring av forholdet mellom to systrar, der den yngste blir alvorleg sjuk.

 – Noko av det som handlar om å vera til, kan ikkje seiast på andre måtar enn i dikt, uttalte Stein Versto om Mariussens diktsamling.

 Dikta tek opp den eldre systeras kjensle av avmakt og kjærleik, sorg og omsorg.

 – Eg ynskte å skape eit språk for det å vera i verda og ha ei veldig sårbar innstilling til det, sa Mariussen, etter at ho hadde lese opp utdrag frå diktsamlinga for eit bevega publikum.

 Bakteppet for historia som blir fortalt er uklar. Det er ikkje sjukdomsdiagnosen som er det viktige.

 – Mange kjem til meg og seier dei kjenner seg att i kjenslene og stemninga eg formidlar i boka. Nokon har ein kreftsjuk i familien, ein dement, eller ein bror som har tatt livet sitt, sa Mariussen.

 «Finne deg inne og hente deg ut» er utgjeven på Oktober forlag og blei utselt ikkje lenge etter at forfattaren blei tildelt debutantprisen.

– Det er ikkje jamleg at ei debutbok med dikt blir utselt, sa ein imponert Versto, som sit i forfattarforeiningas litterære råd, og dermed er med og plukkar ut vinnaren av debutantprisen.

LES OGSÅ: Frå tittel til tittel – ei reise

Kaosfamilie
Saman med Mariussen på scenen var Kviteseid-forfattar Kari Smeland, som også har fått strålande kritikkar for debutboka si. Litteraturmeldar Cathrine Krøger i Dagbladet samanliknar Smelands bok med Astrid Lindgren og Roald Dahls forfattarskap, og hyllar humoren og at boka er «befriande politisk ukorrekt».

– Når eg er på skulebesøk brukar eg å lese eit kapittel om skulen for elevane. Men her er det eit litt meir vakse publikum, så då les eg kapitlet om onkel Sigurd i staden, smilte Smeland.

Skildringa av onkel Sigurd, som er ein gamal (ingen veit kor gamal) og piperøykande luring som veit alt og lyg mykje, er svært levande og vekte mykje latter i salen. Barnelitteraturen er slett ikkje berre for barn.

– Nokon meiner barnelitteraturen er litt stemoderleg behandla her på Litteraturdagane. Difor er me glade for å bøte på dette ved å få Kari Smeland hit, sa Stein Versto.

Versto spurde Smeland kvifor det blei akkurat denne boka ho skreiv – ei bok om ein vilter familie i eit lite hus, og eit stort og mystisk hus ved sida av.

– Eg ville lage ei forteljing om ein kaosfamilie, der oppvasken aldri blir tatt, og viss han blir tatt, blir han i alle fall aldri rydda på plass, smilte Smeland.

 – Eg har ikkje vakse opp i ein slik familie sjølv, men eg har kjent nokon, og eg hugsar det jamt var veldig stas å vera på besøk heime hos kaosfamiliane, sa ho.

 Boka til Smeland boblar over av livsglede og humor – noko barn veit å setje pris på, og vaksne ikkje må gløyme å setje pris på.

LES SISTE LITTERATUR-NYTT HER!

 – Ein styrke å vera liten
Olav Vesaas og Stein Versto sit i styret for Litteraturdagane, og er sentrale i både planlegginga og gjennomføringa av arrangementet. Dei er glade for dei gode tilbakemeldingane arrangementet får – som på leiarplass i Varden laurdag:

 – Ikkje ein kommune i Telemark passar betre til å vera vertskap for ein litteraturfestival enn Vinje. (…) Det har alltid vore ein eim av kunst og myldrande kultur frå kommunen som elles består av tungdriven gardsdrift og bratte fjell. Vesaas-familien ruvar, det same gjer Bratland, Vaa, Versto og Nordstoga, skriv kulturredaktør Anne Spånem.

 Ho signaliserer også eit håp om at Litteraturdagane kan vekse seg større, og meiner arrangementet hadde fortent å nå same nivå som litteraturfestivalen på Lillehammer, for «så sterkt står den litterære tradisjonen i Vinje.»

 Men for Versto og Vesaas er ikkje det noko mål i seg sjølv.

 – Styrken med Litteraturdagane er nettopp at det ikkje er fleire ting som skjer på ein gong. Alle kan vera med på alt. Folk er glade for at me held eit lågt tempo og får tid til ettertanke, meiner Versto.

 Men fleire deltakarar tek dei imot med opne armar. I år var det kring 70 påmeldte før dagane starta, og nokre fleire kom til i løpet av helga.

 – Veldig mange blant publikum er tilreisande, og det er bra. Men me ventar framleis litt på at bygdefolket i endå større grad skal oppdage arrangementet og bli med, oppmodar Versto.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

 Ordet står sterkt i Vinje
 Snart startar planlegginga av neste års litteraturdagar. Det er ein grundig prosess der dei tenkjer seg nøye om, fortel Vesaas, som har vore med sidan starten for tolv år sidan. Både han og Versto finn stor glede i å bruke tid på arbeidet med Litteraturdagane.

 – Kvifor er dette noko de vil halde på med?

 – Du har vel høyrd om kulturkommunen Vinje, svarar Vesaas kjapt, med eit smil på lur.

 – Det handlar vel litt om eit gamalt, godt rykte me ynskjer å ta vare på. Det ligg sjølvsagt også ei personleg interesse bak, men også det at det litterære står så sterkt nettopp her er viktig. Ordet har alltid vore viktig i Vinje, supplerer Versto.

 I kjølvatnet av alt som skjedde i juli i fjor, trur Versto også at litteraturen kan vera ei motvekt til det vonde.

 – Det å møtast i noko så fredeleg som litteraturen – å møtast rundt ord – det har ein eigenverdi. Ein treng ikkje leite etter noko påskot for å gjera det. Og det er samtaler som kan vare ei beite. Slike møte er ein motsats til krig og konflikt, avsluttar Versto.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE