Blodig alvor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit av Realfagsbyggets vande knutepunkt er fylt til randa med Ipads, TV-skjermar og øyreklokker. Mangfaldige tusen arbeidstimar har kulminert i ei utstelling av 23 ulike verk i det provisoriske galleriet. Det er ingen gelander for å hindre folk i å kome for nære, alle som vil kan strekkje ut handa og røre. Dagens kunst: dataspel.

Norwegian Game Awards er ein årleg konkurranse der spirande spelutviklarar konkurrerer om merksemd og pengepremiar. Konkurransen hadde kick-off i januar, og i kveld skal vinnarane kårast.

– Er det ikkje nominert eingong? Ja nokre gonger kan ein jo lure på kva de eigenleg tenkjar på… spelopplevinga er jo så utruleg mykje betre enn desse 3D-spela der borte, lyder det frå ein opprørt besøkande.

LES OGSÅ: Valdelege dataspel går fri

Smaken er som baken, og her finn vi alt frå førehandsfavoritten «Bark» med WoW-liknande grafikkmotor, til 8-bitar-spelet «Leviathan» der nokre NITH-studentar har brukt skarve 10 dagar på å kode alt frå rørsler til musikk på eigenhand. Med ei retro og korna oppløysing som du ikkje har sett maken til sidan året Fragglene hadde urpremiere, blæs spelet på nostalgisk vis liv i minna frå stordomstida til NES-konsollen.

– Dette er ein såkalla «Game Expo», og alle spela her er utvikla for konkurransen vår. Alle kan prøve, og dei fleste som har vore med å lage spela går rundt i lokalet her, seier prosjektleiar Stephan Nordnes Eriksen.

Målet med konkurransen er å skape gode, innovative konseptidear for spel som på sikt kan kommersialiserast, og at studentar skal få augo opp for ein karriere som spelutviklarar. Enkelte er allereie godt i gang.

STOR AKTIVITET: Dei utstilte spela fekk sjeldan stå i fred, og studentane baud på alt frå avanserte rollespel til tre-på-rad.

– Spela kan seljast så snart konkurransen er over, og nokre lanserer spela sine allereie i natt, medan fleire har planar om å følgje etter utover hausten, seier Eriksen.

For dei på farta
Blant dei oppmøtte var studentane i dirtyBit klart best til å tenkja utanfor x-boksen i sin forretningsplan, og maskoten til mobilspelet Fun Run var dagens blikkfang. Det siste halvåret har dei seks Gløshaugen-studentane lagt ned nærare 3000 arbeidstimar i prosjektet, og i natt blir gjeve det ut gratis via Appstore og Google play.

– Fun Run er eit multiplayerspel der du kan spele mot vener i sanntid, uavhengig av om du har Ipad eller ein androidtelefon, og er dermed eit av dei første i sitt slag, seier medskapar og ind.auk-student Marius Giske.

LES OGSÅ: – Spel kan kutta skulen med to år

Trass arbeidstimane er konseptet enkelt; førstemann i mål. 2D-spelet er ei slags kryssing av tidleg Super Mario, Mario Kartar-våpen og teikneserien Happy Tree Friends, og stakk til slutt av med tittelen «beste mobilspel». I løpet av dagen kunne alle som var innom stemme fram sitt favorittspel, og Fun Run vann òg prisen «Spelaranes val».

«Mosquito Mania» stakk av med 40 000 kroner og tittelen «Årets spel», der du berre ved hjelp av ein fysisk rifle og eit surroundanlegg skal skyte fiktive myggar i eige stoverom. Spelet vann følgjeleg òg kategorien «Beste tekniske prestasjon».

LES SAKA I UNDER DUSKEN!

Faktaboks

Årets vinnarar
• Årets spel: Mosquito Mania – pris: 40 000 kr
• Årets mobilspel: Fun Run – pris: 15 000 kr + Samsung Galaxy III
• Beste tekniske prestasjon: Mosquito Mania – pris: 10 000 kr
• Beste lyd: Bark – pris: 10 000 kr
• Beste visuelle spel: Bark – pris: 10 000 kr
• Beste konsept: Shadow of the Game – pris: 10 000 kr
• Spelaranes val: Fun Run – pris: 5 000 kr + tur til spelkonvensjon for to
Warcraft og 8-bitar