Kom deg ut!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Då vert det arrangert Kom deg ut arrangement på meir enn 130 ulike stadar i heile landet. Denne dagen vil DNT inspirera alle til ein aktiv haust ute i naturen.

For sjette år på rad arrangerer Den Norske Turistforening Kom deg ut-dagen. I fjor var over 30.000 menneske med på aktivitetsdagen der alle kan få ein smakebit på kva friluftsliv er.

Kom deg ut-dagen er open for alle og det er ikkje trong for kunnskap om friluftsliv.

Og finst det ikkje eit arrangement i nærleiken av der du bur, så er det berre å komme seg ut likevel. 

Sjekk kvar det er noko som skjer i kommunen din!