Siste skanse i Damaskus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blodbadet i Syria verkar vere utan ende. Nesten kvar veke kjem rapportar om nye massakrar i ein stadig eskalerande borgarkrig. Og denne krigen får stadig sterkare preg av å vere ein krig mellom ulike folkegrupper – først og fremst mellom alawittminoriteten til president Assad og den sunnimuslimske majoriteten. Det merkelege er at eit lite mindretal terroriserer det store fleirtalet i Syria: Både den regulære hæren og militsane til regimet er dominert av alawittar.

Det er høgst usikkert kor mange alawittar som bur i Syria, offisielle tal finst ikkje. Men eit vanleg anslag er at dei utgjer kring tolv prosent av befolkninga, medan tre fjerdedelar av syrarane er sunnimuslimar. Det verkar naturstridig at ein elite dominert av ein så liten minoritet har klart å halde på makta i Syria i over 40 år, og framleis er i stand til å terrorisere folket i det meste av landet.

Uglesett
Enda rarare blir dette av at alawittane for berre hundre år sidan hadde særs låg status: Dei var ei avmektig, uglesett og perifer utgruppe i Syria, berre ein av mange minoritetar. Dei fleste alawittane var fattige bønder busette i fjellområda nær Middelhavet i vest. Mange muslimar rekna alawittane som ei underleg form for heidningar, i beste fall som svært dårlege muslimar.

Da alawitten Hafez al-Assad greip makta i Syria i 1970, var det like sjokkerande «som om ein jøde skulle blitt tsar i Moskva eller ein kastelaus skulle bli maharaja i India», har Midtausten-kjennaren Robert D. Kaplan skrive.

Noko for seg sjølv
Det er vanleg å omtale alawittane som sjiamuslimar, men det er knapt ei halv sanning. Alawittane skilde seg frå hovudgreina av sjiaislam for over tusen år sidan, og trua deira har nok særdrag til at ein godt kunne kalle det ein eigen religion. Det viktigaste fellestrekket med sjiaislam er at båe trusretningane set Ali, svigersonen til Muhammed, svært høgt. Men alawittane går mykje lenger i Ali-dyrkinga si, og ser på han som ei form for guddom.

Trua deira har òg ei rekkje andre særdrag: Dei feirar kristne høgtider som jul og påske, har ritual med brød og vin og set mange kristne helgenar høgt. Religionen har òg trekk frå urgammal fønikisk og manikeisk tradisjon. Alawittane blir ofte kalla løyndomsfulle, ikkje så rart for ein minoritet i ein region med så mykje blodig strid mellom religionar.

Dei er òg å rekne som religiøst moderate samanlikna med både sunni – og sjiamuslimar: Alawittane forkastar sjarialovgjeving, og tek verken faste, bøn eller alkoholforbod like alvorleg som dei fleste muslimar. Dei har tradisjonelt ikkje nytta seg av moskear ein gong. Det er slik sett ikkje så rart at mange sunni- og sjiamuslimar har rekna alawittane som vantru.

Fransk hjelp
I det sunnidominerte osmanske riket var alawittane nær botnen av rangstigen i Syria. Både den økonomiske og politiske makta låg hos urbane elitegrupper av sunnimuslimar. Alawittane var ein undertrykt minoritet, og måtte til tider stå imot eit hardt press for konvertering.   Dei reagerte med tilbaketrekking, og levde i lange periodar ganske isolert frå resten av befolkninga.

Først da det osmanske riket gjekk i oppløysing etter første verdskrigen, tok lukka til å snu for alawittane. Dei franske koloniherrane som styrte Syria som såkalla mandatområde frå 1920 til 1946, såg at alawittane var dugande soldatar, og rekrutterte svært mange av dei til hæren. Franskmennene gav òg økonomiske privileg til alawittar, kristne og drusarar i Syria, for å skape ei motvekt mot den sunnimuslimske majoriteten.

Da Syria fekk sjølvstende i 1946, hadde mange alawittar fått militær opplæring, og dei var sterkt overrepresenterte i offiserskorpset. Med den moderate haldninga si til religion fann dessutan mange alawittar seg til rette i det sekulære, sosialistiske baath-partiet som voks fram i Syria etter krigen. Og da baath-partiet tok makta i Syria i 1963, låg vegen open for alawittane.

Reven i Damaskus
I 1970 tok den alawittiske forsvarsministeren og offiseren Hafez al-Assad makta i Syria ved eit kupp, og plasserte alawittar i dei fleste av nøkkelposisjonane i maktapparatet. Men Assad var ingen tosk, han vakta seg vel for å gje alawittisk religion nokon privilegium. Tvert om vart særtrekka til alawittane medvite tona ned, og likskapen med sjiaislam vart framheva.

Assad prøvde generelt å tone ned religionane si rolle som maktfaktor i Syria. Diktaturet hans var sekulært, og Assad vedtok at islam ikkje lenger skulle vere offisiell statsreligion. Regimet hans framstod som garantist også for kristne og drusiske minoritetar. Dessutan klarte Assad å halde seg inne med den økonomiske eliten blant sunnimuslimane.

Men medan Assad-styret var religiøst tolerant, var det politisk nådelaust. All opposisjon vart overvaka med av eit kolossalt etterretningsapparat, og tusenvis av opposisjonelle vart sende i fengsel og torturkammer under Assad-diktaturet.

Vald er ikkje nok
Den muslimske brorskapen i Syria – i praksis ein sunnimuslimsk brorskap – var det einaste alvorlege trugsmålet mot regimet. På 1970- og -80-talet stod dei bak målretta likvidering av alawittar i den syriske hæren og administrasjonen. Men den væpna oppstanden til brorskapen vart knust av hæren til Assad i byen Hama i 1982. Kan hende vart så mange som 30.000 menneske drepne, dei fleste av dei sivile. Det skulle ta nesten 20 år før folket i Syria våga å utfordre regimet igjen. Men i mars i fjor kom den arabiske våren til Syria.

Bashar al-Assad, som tok over som president etter at faren døydde i 2000, har prøvd å svare på utfordringa med same råskap som faren, og han stør seg på den same alawittiske maktstrukturen. Men denne oppstanden har ikkje regimet makta å slå ned. Alawittane som styrer Syria, har all grunn til å frykte for framtida si, sjølv om dei rår over dei fleste og beste våpna.

Ein hær av alawittar
Samansetnaden av hæren er nøkkelen til at alawittane har halde på makta så lenge. Skal ein tru analysebyrået Stratfor, utgjer alawittane kring 70 prosent av dei 200.000 profesjonelle soldatane i den syriske hæren, og kring 80 prosent av offiserane. Republikkgarden, som er elitesoldatane til regimet, er ein nesten rein alawittstyrke, under kommandoen til Maher al-Assad, bror til presidenten. Også det enorme etterretningsapparatet er dominert av alawittar. Det same er dei uhyggelege shabiha-militsane, som truleg har stått bak mange av dei mest groteske overgrepa mot sivile under den syriske borgarkrigen.

Samhaldet mellom alawittane forklarer i stor grad at det har vore såpass få avhopparar frå kjernetroppane til den syriske hæren. Men regimet har blitt meir og meir isolert sidan opprøret byrja i fjor. Assad har mista mykje av støtta frå dei sunnimuslimske, økonomiske elitane i Aleppo og Damaskus.

Statsminister Riad Hijab, ein av dei mektigaste sunnimuslimane i krinsen kring Assad, rømte nyleg til Jordan med familien sin. Også mykje av den kristne minoriteten i Syria, som lenge har vore lojal mot Assad, ser ut til å vende regimet ryggen.

Siste sjanse
Det er ikkje lett for utanforståande å skjøne bestialiteten som no spelar seg ut i den syriske borgarkrigen. Men kampviljen og nådeløysa som alawittane utviser for å halde på makta og privilega sine, blir litt lettare å forstå når ein veit kor lenge denne folkegruppa var under hælen, og kor usannsynleg maktposisjonen deira dei siste førti åra har vore. Alawittane veit at dei aldri får ein slik posisjon igjen om Assad-regimet fell.

Ein måte å få slutt på borgarkrigen kunne vore ein palassrevolusjon i Damaskus, der delar av hæren skifta side. I prinsippet kunne noko slikt vore tenkjeleg: Både mellom ulike alawittklanar og innanfor Assad-familien har det før vore alvorleg splid. Men slik borgarkrigen har utvikla seg, er det lite truleg at mange leiande alawittar kan sjå seg tente med å skifte side.

Kong Abdullah i nabolandet Jordan hevda nyleg at Assad kan tenkjast å etablere ein utbrytarstat i det gamle alawittiske kjerneområdet ved Middelhavet dersom Damaskus fell. Men dette scenarioet verkar lite realistisk: Livsgrunnlaget for ein slik stat vil vere svært magert.

Les òg: Syriske studentar i krig

Ryggen mot veggen
Det er neppe nokon veg attende for dei herskande alawittane no. Den kyniske politikken og skremselspropagandaen til Assad-regimet har gjort sitt til at borgarkrigen i stor grad følgjer sekteriske skiljeliner. I opprørsstyrkane er sunnimuslimane heilt dominerande, og dei har fått tilskot av jihadistar frå mange andre land.

Jo lenger krigen varer, jo sterkare ser det sekteriske preget ut til å bli. Og med pengar og våpen frå søkkrike Saudi-Arabia og Qatar kan islamistane i Syria styrkje posisjonen sin veke for veke.

Hatet som mange syrarar med god grunn kjenner mot alawittherskarane, kjem til å vare lenge. Og revolusjonar er sjeldan rettferdige prosessar: Også mange vanlege alawittar, folk som aldri har hatt makt eller nemneverdige privileg under Assad, tilmed folk som sjølve er motstandarar av regimet, står i fare for hemnaksjonar frå dei syriske opprørarane. Dei har blitt gjort kollektivt medskuldige i brotsverka til hæren og militsane.

Jo meir blod som flyt under ein revolusjon, jo meir nådelaust og vilkårleg blir gjerne oppgjeret med dei tidlegare makthavarane etterpå. Alawittane slåst ikkje berre for makta i Syria no. Dei slåst for livet.

Les òg: Engasjementet gjev han styrke

Kjelder: Stratfor.com, BBC, 
The Economist, The New York Times, The Atlantic. 
Artiklar av Robert D. Kaplan, Martin Kramer, Fouad Ajami

Les saka i Dag og Tid!