– Kjappare sjåførar kuttar køane
Sløve og ukonsentrerte sjåførar skaper unødvendige køar. Dersom alle bilførarane reagerte kjappare når køen løyser seg opp, kunne køane flytta seg raskare, meiner Statens vegvesen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sjåførar blir mindre merksame etter at dei først har hamna i kø. Når køen løyser seg opp har trafikkavviklinga blitt redusert til 900 bilar i timen i staden for normalen på 1.200 bilar, seier sjefingeniør Kristian Wærsted i Vegvesenet.
Han peikar på at mange fokuserer på andre ting når dei sit i bilkø.
– Resultatet er at det ofte tek lengre tid før dei reagerer når køen faktisk løyser seg opp, seier han.
Wærsted meiner difor det er ei solidaritetshandling for dei som er lenger bak i køen å følgja betre med.
– Viss alle greidde å halda tre sekunds avstand når køane løyser seg opp, ville køane blitt mykje kortare. I lyskryss følgjer dei fleste godt med, når det blir grønt køyrer dei gjerne berre med to sekunds avstand, seier han. (©NPK)