Leikvolls mørke leik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er sagt mykje forskjellig om bøkene mine. At dei er mørke. Makabre. Grufulle. Men eg synest håpet og lengselen, og eit mogleg lys i det fjerne, er det som ber romanane, seier Jan Roar Leikvoll sjølv til NTB.

– Nokre vil kanskje seia at den nye romanen min, «Bovara», sluttar grufullt. Men eg ser det som ein ny start for karakteren Frrok, legg han til.

Med debuten «Eit vintereventyr» i 2008 blei Leikvoll spådd ein lysande karriere. Med «Fiolinane» hagla superlativa på nytt uhemma frå litteraturmeldarane i landet. Han hadde skrive vondt. Lysande. Originalt.

Forventingane til den tredje boka hans er store. NRK sender i haust eit heilt eige bokprogram med Leikvoll, og på haustlistepresentasjonen til Samlaget blei det brukt god tid til å presentera «Bovara».

– Du har blitt kalla ein norsk Cormac McCarthy. Er det ikkje skummelt å ha så mykje å leva opp til, Leikvoll?

– Eg trivst med presset. Det driv meg. Det forpliktar og gjer at eg arbeider målretta og stiller krav til det eg skriv.

LES OGSÅ: Nye nynorskpoetar har noko å seia

– Ein rik fantasi
I den tredje romanen hans blir vi tekne med til ei underleg, fjerntliggjande verd, nærmare bestemt eit kloster. Her møter vi Frrok. Som lågast i hierarkiet, som lekbror, utfører han plikter som å bera rundt på mat og dobøtter. Han gravlegg også lik og er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara.

Det Frrok lengtar etter, er kjærleiken til Flori. Flori sit i tårnet og skriv bok. Men Frrok har også ein annan lengsel. Ein løyndom som driv han til mykje unemneleg.

– Først og fremst har eg ein rik fantasi, seier Leikvoll om korleis han klarer å skapa universa sine.

I motsetnad til mange synest at han at han skriv djupt menneskeleg.

– Trass mørket, er jo draumen om lyset kanskje det viktigaste i dei tre bøkene eg har skrive til no. Eg likar å følgja menneske i ekstreme situasjonar. Menneske i brytningsfasar.

– Korleis vil du skildra karakteren Frrok med eigne ord?

– Han er ein mann i psykisk ubalanse, sjølv om det kan sjå ut til at livet hans er greitt og at han har sine rutinar. Men han har vore mykje åleine, og samtidig får han brått mykje makt. Då tek ting til å eskalera.

Leikvoll meiner han har skrive eit forsvarsverk for fellesskapen.

– Visst kan det vera godt å vera åleine. Men vi treng andre menneske. Det er det ingen tvil om.

LES OGSÅ: Introduksjon til det litterære sirkus

Skiftar kurs
Forfattaren sjølv har fått fordjupa seg i skrivinga og i einsemda sidan «Bovara» blei skriven i eit kloster i privat eige. Leikvoll leigde seg eit rom og omgjevnadene her blei vegen hans inn i historia om staden Bovara.

– Klosteret og den vakre hagen utgjorde kulissar for boka mi. Måten lyset fell på, måten hagen er bygd opp på, det er blitt svært autentisk.

– Treng du full isolasjon når du går inn i det litterære universet ditt?

– Nei, kona er alltid i nærleiken. Og eg går til butikken og handlar mat. Eg møter kvardagen og alt det der, men eg kan ha lange skrivestrekk.

Leikvoll trur at dei som likte «Eit vintereventyr» og «Fiolinane» vil kjenna han att som forfattar når dei les «Bovara».

– Men no kjenner eg meg litt ferdig med dei tre første bøkene, som for meg utgjer ein trilogi. Eg er allereie i full gang med utklekkinga av den fjerde boka mi, og det blir noko ganske anna neste gong, seier Jan Roar Leikvoll til NTB. (©NPK)