Til Canada med skifilm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kult å bli valt ut til å vere med, at folk legg merke til og likar det ein gjer, seier nesningen som har gjort det til levebrød å vere skifilmprodusent.

I fjor debuterte filmselskapet Chaoz Productions i proffklassen på iF3 (International Freeski Film Festival), og i år er dei tilbake med ny film. Den har fått tittelen «Turbulent Flow» og har premiere i Oslo 22. september.   Filmfestivalen er den einaste som samlar skifilmar frå heile verda, og nålauga er trongt for å kome med.  

– Det er berre dei store selskapa, dei som har laga skifilmar i årevis som blir invitert. Me andre må sende inn grovklippa versjonar av filmen og bli vurdert av ein jury, fortel Aurstad.

Rutine
Juryen i iF3 likar tydeleg arbeidet hans. Fire av dei fem filmane han har produsert til no har fått invitasjon til festivalen. – Dei to fyrste åra var me med i amatørklassen, det var fyrst i fjor at me kom med i proffklassen. I år er den største konkurrenten vår i Norge i gang med eit toårig prosjekt, så me er den einaste norske proffilmen. Det er litt spesielt å representere Norge slik, fortel Aurstad. Filmfestivalen er viktig for alle i bransjen. – Det betyr mykje for oss å vere med der, det er ein sjeldan sjanse til å vise kva me held på med. Tilbakemeldingane frå publikum og filmbransjen der er viktig, meiner han.

Annleis
Produsenten meiner dei har laga ein annleis film i år.

– Den handlar om alle problem ein kan møte i samband med skifilmproduksjon. Der skil den seg frå dei fleste andre skifilmar. Som oftast er tematikken knytt til fine snøforhold og mykje bra køyring gjennom ein lang sesong, seier han. Opptaka har dei i hovudsak gjort i Norge. – Me er privilegerte som har vokse opp i Norge med dei beste opptaksplassane i verda rett rundt hjørnet, fjord og fjell og kontrastane er perfekt for skifilmar. Difor prøver eg å filme mest mogleg i Norge.

Øystein Bråten frå Torpo er ein av dei 16 køyrarane som dukkar opp i filmen, elles er både norske, svenske og amerikanske køyrarar med. 

Til Canada
For Eivind Aurstad og dei andre har det vore ein utfordrande vinter, men dei er nøgd med resultatet.  

– Det har vore vanskeleg med vêr og snøforhold, og fleire skader enn tidlegare. Me har måtta lagt om planane fleire gonger, men eg meiner det er den beste filmen me har laga til no, seier Aurstad.   

iF3 går over fleire helgar og er innom Annecy i Frankrike og Innsbruck i Austerrike i haust, men det heile toppar seg i Montreal i Canada i oktober.

Les saka i Hallingdølen!