Dobbelt så mange bur heime

10.000 studentar står no i kø for å skaffa seg bustad i Noreg. Delen som bur heime har dobla seg sidan i fjor.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser tal frå studentsamskipnadene og ei heilt fersk undersøking som Ipsos MMI har utført for DNB.

– Tala gjev grunn til å tru at unge sine alternativ til å kjøpe eigen bustad ikkje lenger er å leiga, men å bu heime. Det er blitt svindyrt å kjøpa og svindyrt å leiga. Fordelen med å eigen bustad er at nedbetalinga er å regna som god langsiktig sparing. Leiger du derimot, så putter du pengar i ein annan si sparebøsse og ikkje i di eiga. Mange av dei som ikkje får kjøpt seg bustad no ser nok at dei må bu heime dersom dei skal klara å spara opp nok eigenkapital, seier forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl.

Klasseskilje
Ho meiner at manglande bustadbygging og myndigheitene sine krav til bankane om å krevje 15 prosent eigenkapital frå alle som vil ta opp bustadlån, har bidrege til at det er blitt nesten umogleg for unge å komma seg inn på bustadmarknaden på eiga hand.

– Me er no i ferd med å få eit klasseskilje blant unge i Noreg; dei som kjem seg inn på bustadmarknaden fordi dei har foreldre eller besteforeldre som hjelp dei økonomisk, og dei som ikkje har det. Det bør den oppveksande generasjon gjerast bevisst på, for dersom dei som unge vaksne skal komma seg sjølvhjelpe inn på bustadmarknaden bør dei starta bustadsparinga allereie som tenåringar. 13-åringar kan få småjobbar, og 15-åringar flest får en god slump pengar i konfirmasjonsgåve. Mange har altså moglegheita til å byrje bustadsparinga tidleg. 13-åringar flest synest kanskje ikkje det er så gøy å spare til bustad. Gøy blir det først når du som 25-åring står der med nøkkelen til din egen bustad i handa, seier ho.

Ho anbefaler også foreldre som har råd til det, å oppretta bustadsparingskonto for borna sine før dåps- eller namnedagen.

– Men det viktigaste er å læra borna sundt pengevet og at dei må tena pengar og spare dersom de ønskjer seg noko. Få dei til å spara jamt og trutt frå dei er små, og når de blir større og får seg ei skattbar inntekt bør de spare fast i BSU, oppmodar ho.

LeigetakarCV
Sjølv om det er blitt dyrt og dermed lite attraktivt å leiga bustad må mange studentar gjera nettopp det. De skal kanskje studera i en stad enn den dei kjem frå og flytta igjen etter at par år.

– Når det er kø for å leiga bustad, så seier det seg sjølv at utleigar både kan ta seg godt betalt og velje og vrake blant leigetakarane. Utleiger vil derimot alltid vere oppteken av å få inn en person som er til å stola på, ein som gjer opp for seg og som ikkje kjem til å bråka og øydeleggja ting. Difor bør du gjera som du gjør når du søkjer jobb, laga ein CV med gode referansar. Gjer du eit godt nok inntrykk skal du ikkje sjå vekk frå at utleigar vel deg sjølv om andre kan betala meir, seier Sandmæl.

Ho ber leigetakarar hugsa på følgjande:

·         Skriv ei leigekontrakt

·         Sjekk kva utgifter som er inkludert og kven som har ansvaret for eventuelt vedlikehald

·         Vær obs på kor lang oppseiingstid det er

·         Fyll ut eit overtakingsskjema for å beskriva kva stand leilegheita er i ved overtaking

·         Bur de fleire saman, skriv en avtale dykk imellom for å ha orden i sakene

Les saka i Sogn Avis!