Noreg har verdas billegaste bensin

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen andre land i verda har dyrare bensin enn Noreg, viss ein reknar per liter. Men om du reknar bensin per arbeidsdag, er det berre åtte land som har billegare bensin i heile verda.

Det kjem fram i ei undersøking som Bloomberg har gjort i 60 land.

I Noreg kan du kjøpa 102 liter bensin for ei dagsløn. Danskane får berre råd til 73 liter bensin per arbeidsdag. Svenskane får råd til 74 liter bensin.

Noreg er det einaste landet blant dei store oljeprodusentane som òg har høge oljeprisar. Dei fleste andre store oljeproduserande landa, som Saudi-Arabia, Kuwait, Iran og Venezuela, har subsidiert bensinprisen. I Venezuela er prisen for bensin litt over 10 øre per liter. Av dei vestlege landa er det berre USA, Luxembourg, Australia, Sveits som har lågare bensinpris per dagsløn enn Noreg.

Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Er bensin i Noreg for dyr? Eller bør den bli dyrare?