Frå tittel til tittel – ei reise

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø om bokhausten

Fleire forlag har dei siste dagane prestentert haustens nyheiter, og også denne hausten ser det ut til å komme ut langt fleire bøker enn du vil rekke å lese.

Korleis skal du finne ut kva bøker som er noko for deg?

Etter at e-boka kom, er det gamle trikset med å dømme bøker etter omslaget berre så 2011.

No gjeld det å dømme bøker etter tittelen.

Eg vil gjerne hjelpe deg med dette. Derfor presenterer eg her: Dei tolv tittelkategoriane.

Kategori 1, litt lange titlar med tankestrekar og spørsmålsteikn.
For eksempel:

«Den rødgrønne regjeringen – fortid eller fremtid?»

«Blå kriger i grønne enger»

«Gulgrønt? – mulighet eller ressurs?»

«Rød klut, grønne drømmer»

«Blå framtid – løfte eller trussel?»

«Raud, blå og kvit – kva no?»

Dette er bøker om politikk. Sannsynligvis biografiar og/eller bøker om politikk skrivne av politikarar som har slutta med politikk.

Generelt råd: Dersom boka har ein tittel som minner litt om ei stiloppgåve frå åttitalet, så er det høgst sannsynlig ein politikarbiografi. Dersom tittelen i tillegg inneheld ein farge, så kan du vere heilt sikker.

Kategori 2, titlar med namn i.
For eksempel:

«Hellstrøm baker boller»

«Hellstrøms piknik»

«Hellstrøm småspiser litt mellom måltidene»

«Snåsamannens beste»

«Viestad sukrer teen»

«Hellstrøm Jr»

«Snåsamannen går igjen»

Dette er bøker av folk som har selt bøker før.

Kategori 3, titlar med namn i, ekstremversjonen.
For eksempel:

«Kristin Halvorsen»

«Churchill»

«Dronning Sonja»

«Drillo»

Dette er biografiar om folk som er såpass store at det er heilt unødvendig med tittel.

Kategori 4, litt lumre titlar med fargar og tal:
For eksempel:

«Sekstini nyansar av brunt»

«Førti lag med beige»

«Seks gråbrune tankar»

Dette er litt lumre romanar som prøver å kopiere den litt lumre internasjonale suksessen «Fifty Shades of Gray».

Advarsel: Titlane inneheld fargar, men dette er likevel ikkje politikarbiografiar. Snarare tvert imot.

Advarsel 2: Nokre av desse titlane kan også vere titlar på litt smårare bøker om oppussing.

Kategori 5, frå-til-titlar, i ekstreme ofte med bokstavrim.
For eksempel:

«Fra Pax til Paven»

«Frå Legevakta til Lisboa»

«Frå vugge til verdens ende»

Dette er erindringsbøker. Sjølvsagt.

Kategori 6, opplagte titlar.
For eksempel:

«Erindringer»

«En biografi»

«Et liv»

Dette er erindringsbøker, forfatta av nokon som ikkje har fantasi nok til å komme på ein frå-til-tittel, for ikkje å snakke om eit bokstavrim.

Kategori 7, korte titlar.
For eksempel:

«Grill»

«Egg»

«Loff»

«Mjøl»

«Steik»

«Kok»

Dette er kokebøker, skrivne av nokon som må ha såpass store bilde av seg sjølv på omslaget at det eigentlig ikkje er plass til ein tittel i det heile tatt.

Kategori 8, korte titlar med namn.
For eksempel:

«Steffen»

«Hank»

«Sonja»

Dette er biografiar, skrivne av biografar som har vore smarte nok til å velje objekt med såpass spesielle fornamn at det er unødvendig å finne på ein tittel.

Kategori 9: Ekstremt korte titlar
For eksempel:

«I»

«Æ»

«Ø»

«Å»

Dette er biografiar om fotballspelarar, førte i pennen av journalistar som skulle ønske det fanst norske fotballspelarar med like stilige namn og like tøffe liv som Zlatan Ibrahimovic.

Kategori 10, rare titlar.
For eksempel:

«En blå kjole fra Herr Hitler»

«Og verden spaserer til postkassa»

«Natten drømmer om dagen»

«Månen dansar disco»

Dette er romanar. Eller lyrikk.

Kategori 11, endå rarare titlar.
For eksempel:

«Udødelighetens eliksir»

«Mamma er en countrysang»

«Ordet for hva jeg er nå finnes ikke»

Dette er romanar, skrivne av debutantar.

Generelt råd: Dersom det verkar som om nokon har tenkt på denne tittelen veldig veldig lenge, så er det sannsynligvis ein debutant.

Kategori 12, titlar som begynner med «Den store…»
For eksempel:

«Den store boka om bøker»

«Den store boka om hekling»

«Den store oppussingsboka»

«Den store øl-guiden»

Dette er store bøker om noko du kan gjere sjølv, for eksempel lese, hekle, pusse opp eller drikke.

 

Og det var det.

Alt anna er barnebøker.

For ordens skuld gjer eg merksam på at seksten av tittel-eksempla i denne teksten er relle titlar på bøker som kjem ut i Norge i år. Om du kjeder deg skikkelig, så kan du prøve å gjette kva titlar det dreier seg om. Svaret kan du sende til eit forlag, som kanskje vil gi ut svaret ditt under tittelen: Den store boka om boktitlar – grøn fare eller gul brann?

Stod først på trykk i Aftenposten 18. august.

Les fleire artiklar av Are Kalvø her!

LES SISTE BOKNYTT HER!